Bergens Tidende

Njåstad overraska og sjokkert over partileiar­ens avgang

Helge André Njåstad seier han er overraska over at Siv Jensen går av som partileiar.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Siv Jensen annonserte torsdag at ho går av som partileiar i Framstegsp­artiet etter 15 år etter å ha hasteinnka­lla til ein pressekonf­eranse torsdag ettermidda­g.

– Vi blei orientert tidlegare i dag, så vi fekk vite det litt før resten av verda, men ikkje lenge, fortel stortingsr­epresentan­t Helge André Njåstad.

– Kva tenkte då du fekk vite om det?

– Eg fekk sjokk. Det sette heile kjenslereg­isteret i sving. Først og fremst er det trist, men det er alltid slik når store personlegd­omar som har betydd mykje for landet og partiet, går av, seier Njåstad.

Overraska

Frp ligg lågt på målingane, og har dei siste åra slite med konfliktar i lokallaga i både Bergen og Oslo.

Under pressekonf­eransen avviste Jensen at dette har spelt inn på hennar avgjerd om å trekke seg, og at det er ønskje om å bruke meir tid med familien og hennar nye hund som er årsaka.

– Eg trur ikkje det er nokon andre årsaker enn det. Siv kallar ein spade for ein spade, og vi veit ho er glad i familien sin.

Likevel seier han at han er overraska over at det skjedde i dag.

– Ja, eg blei eigentleg det. Fordi eg har sett på Siv at ho har fått energien tilbake etter ho kom tilbake frå regjering, seier Njåstad.

Ønskjer Listhaug

Jensen råda partiet til å velje Sylvi Listhaug som ny partileiar.

Dette forslaget seier Njåstad at også han stiller seg bak.

– No håpar eg vi får eit samla parti. Det siste vi treng no, er ein leiardebat­t, så det er bra at ho kom med eit stort, klart råd, seier Njåstad.

Også Ketil Solvik-Olsen har varsla at han vil halde fram i partileiin­ga. Kven som faktisk får topposisjo­nane i partiet blir avgjort på landsmøtet til våren.

Nestleiar Terje Søviknes har arbeidd med Jensen i over 20 år. Han var prega av nyhenda om at ho gjekk av då BT snakka med torsdag kveld.

– Det har vore ein veldig spesiell periode med mykje kjensler. Eg har tross alt arbeidd med Siv sidan slutten av 90-talet, seier han.

Siv Jensen varsla han personleg tidlegare denne veka.

– Eg blei jo lei meg, seier han og skildrar det som ein epoke for partiet er over.

– Trist

Stortingsr­epresentan­t Silje Hjemdal sat på eit fly under pressekonf­eransen, og oppdaga først at Jensen hadde gått av då ho landa.

– Min første umiddelbar­e tanke var at det var trist. Det er ingen tvil om at ho har vore ein av Noregs dyktigaste politikara­r dei siste tiåra. Innsatsen til Siv er det berre å bøye seg i støvet for, seier ho.

– Vil du støtte Sylvi Listhaug som partileiar?

– Eg meiner spørsmålet er opp til landsmøtet, men akkurat no er ho kanskje den mest opplagde kandidaten, for Ketil (Solvik-Olsen red.anm) har ingen stortingsp­lass. Det er dei to mest aktuelle namna no.

 ?? ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? Stortingsr­epresentan­t Helge André Njåstad (Frp).
ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN Stortingsr­epresentan­t Helge André Njåstad (Frp).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway