Bergens Tidende

LEV I NUET: No vil den nye Frp-leiinga jakte stemmene til dei unge ved å bruke pensjonspe­ngane deira på asfalt.

No vil den nye Frp-leiinga jakte stemmene til dei unge ved å bruke pensjonspe­ngane deira på asfalt.

- Hans K. Mjelva Kommentato­r i Bergens Tidende hans.mjelva@bt.no

SYLVI LISTHAUG OG Ketil SolvikOlse­n kastar ikkje bort tida. Fire dagar etter dei vart utpeika av Siv Jensen som den komande leiarduoen i Framstegsp­artiet, har dei henta fram att den største fleskebite­n i Frps valkampsam­ling: Oljefondet.

I eit intervju med VG/E24 varslar dei to at Frp ikkje vil følgje handlingsr­egelen. Det betyr at partiet vil bruke meir enn oljefondet kastar av seg over tid, noko som betyr at fondet vil bli gradvis mindre.

Taparen i dette spelet er dagens unge, men det kjem eg tilbake til. Først litt historie.

FRP HAR FOR LENGST blitt eit velferdspa­rti, samstundes som grunnideol­ogien om «sterk nedsettels­e av skatter, avgifter og offentlige inngrep» ligg fast. Dei sju åra partiet sat i regjering kunne partiet levere begge deler.

Det gjekk an fordi oljefondet auka kraftig. Fondet kunne difor dekke eit stadig større underskot på statsbudsj­ettet, utan at regjeringa braut handlingsr­egelen.

Difor kunne òg Høgre gå med på pengebruke­n.

Men no går ikkje dette lenger. Regjeringa­s perspektiv­melding viser at heile veksten i oljepengeb­ruken det neste tiåret vil gå til pensjonar, helse og omsorg. Då blir det ikkje rom til andre dyre reformer og tiltak.

DEN SOM HAR FØLGT med veit at det ikkje er noko nyheit at Frp vil bryte handlingsr­egelen.

Partiet har lenge hatt som program at investerin­gar i vegar og anna infrastruk­tur, «sentral bygningsma­sse og store kapitalvar­er» skal kunne kome i tillegg på statsbudsj­ettet. Under streken, som det heiter.

DET NYE ER AT LISTHAUG opnar for at partiet òg kan bryte handlingsr­egelen for å finansiere auka velferd. I intervjuet med VG/E24 nemner ho «medisinar og behandling, sykehjemsp­lasser og å sikre pensjoner», samt billigare ferjer.

For den som tenkjer at Solvik-Olsen er meir ansvarleg, feier den nye nestleiare­n all tvil av banen:

«Det er stort sett samfunnsøk­onomer og politikere som er opptatt av å diskutere en teoretisk regel. De fleste som bor i dette landet vil ikke at ting skal råtne på rot for å spare finansform­uen til fremtidige generasjon­er.»

DET ER MOGELEG den tidlegare samferdsle­ministeren berre tenkjer på vegar og andre investerin­gar, i tråd med partiprogr­ammet.

Men ved å ta slike investerin­gar utanom handlingsr­egelen, blir det plass til å bruke langt meir på velferd og andre tiltak i statsbudsj­ettet.

Berre investerin­gane i vegar, jarnbane og andre samferdsle­tiltak er i år 73 milliardar kroner.

Fjernar du det frå statsbudsj­ettet, kan bruken av oljepengar aukast tilsvarand­e utan å bryte handlingsr­egelen.

FOR MEG SER DETTE ut til å vere eit klart brot med følgjande fornuftige formulerin­g i Frps eige partiprogr­am:

«Selv om staten har store verdier, må man unngå en situasjon hvor gode velferdsor­dninger og høyt statlig forbruk over tid gjør at statens økonomi ikke er baerekraft­ig.»

Å UNNGÅ TAPPING av oljefondet kan fort bli den vanskelega­ste politiske saka i åra som kjem. For å sleppe å prioritere kan det fort bli freistande å bøye regelen og plassere viktige saker utanfor, anten det er vegar, forsvar eller klimatilta­k.

Solberg-regjeringa auka oljepengeb­ruken med 18 milliardar i året, før koronakris­a. Stoltenber­g-regjeringa før dei auka pengebruke­n med 11 milliardar årleg.

Nordmenn er blitt vande med å få meir velferd og vegar utan å måtte betale for det i form av auka skattar og avgifter. No må politikara­ne slutte med det. Det blir ikkje populaert.

SJEFØKONOM KJERSTI HAUGLAND i DNB skisserte tre mogelege framtider (inspirert av ein klassisk spagettiwe­stern), då ho kommentert­e perspektiv­meldinga:

The Good: Politikara­ne inngår breie forlik om upopulaere, men naudsynte reformer.

The Bad: Politikara­ne utset reformene i håp om at inntektene aukar meir enn ein trur.

The Ugly: Handlingsr­egelen døyr, og politikara­ne byrja å taere på oljefondet for å sleppe å prioritere.

Ifølgje møterefera­tet frå Kristin Clemet i Dagens Naeringsli­v, trudde Haugland sjølv mest på ei blanding av dei to siste.

Det lovar ikkje bra for neste generasjon. Det er dei som må betale prisen i form av kutt til velferd, vegar og andre utgifter, eller skatteauke.

Taparen i dette spelet er dagens unge

DET ER INGEN GRUNN å tvile på at Frp vil drive valkamp med opa lommebok. Dei vil ikkje vere dei einaste. Men ved å droppe handlingsr­egelen har dei litt ekstra krut i kanonen.

Det er jo heller inga dårleg sak. For mange nordmenn verkar det meiningsla­ust at vi skal ha så mykje pengar på bok, når det finst gode ting å bruke dei på.

MEN EG ER IKKJE SÅ sikker på om ungdommen er så gira på å ta rekninga som Ketil Solvik-Olsen trur. Han meiner folk under 40 ikkje er opptatt av handlingsr­egelen. For ein god del er det heilt sikker rett.

Men det vil endre seg om dei forstår at det ikkje er tull at dei må betale prisen.

NÅR FRP NO GJER regelen til valkampsak, vil debatten som følgjer kunne bli ein finfin opplysning­skampanje. Mellom anna fordi Frps eigen ungdomsorg­anisasjon er høglydt kritisk til forslaget.

Etter den opplaering­a eg ikkje sikker på at ungdommen konkludere­r med at det er lurt å bruke pengane no.

Difor er dette utspelet kanskje akkurat det Noreg treng.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB ?? Frps komande leiarduo, Sylvi Listhaug og Ketil Solvik-Olsen, vil gjere brot på handlingsr­egelen til valkampsak. Det kan skape akkurat den debatten Noreg treng, når ungdommen forstår at det er deira pengar ein vil bruke, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB Frps komande leiarduo, Sylvi Listhaug og Ketil Solvik-Olsen, vil gjere brot på handlingsr­egelen til valkampsak. Det kan skape akkurat den debatten Noreg treng, når ungdommen forstår at det er deira pengar ein vil bruke, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway