Bergens Tidende

På tide med ein ny nullvisjon i ruspolitik­ken

-

KRIGEN MOT NARKOTIKA har vore feilslått. Heller enn å hjelpe menneska som rusar seg, er Noreg i krig med dei.

Det er nemleg ikkje berre rusmiddel som kan skade folk. Forbodet skadar folk. Det er ikkje så rart. Norsk ruspolitik­k har handla om å bøtelegge fattige og plassere sjuke folk på glattcelle, i den tru at det hjelper på noko som helst.

REGJERINGA KUNNE FREDAG presentere si rusreform. Den vil gi fleire nordmenn eit lengre og meir verdig liv. No skal ikkje politiet kunne fengsle folk for å ha små mengder narkotika til eige bruk.

Det er ei innrømming av at rusomsorg er ei sak for helsevesen­et, og ikkje vaepna politi.

Motstandar­ane karakteris­erer dette som eit frislepp. Det er det ikkje. Rusreforma kjem etter at fleire har forstått at det er forbodet som skaper frislepp. Regulering får rusbruken inn i meir ordna former.

PORTUGAL AVKRIMINAL­ISERTE NARKOTIKA i 2001. Då sleit landet med eit enormt heroinprob­lem: Éin prosent av innbyggara­ne var avhengige.

Rusreforma deira fungerte. Talet på overdosedø­dsfall stupte. Noreg har – fram til no – tvihalde på ein politikk som ikkje fungerer.

NOREG HAR HATT EIN NULLVISJON på rusfeltet, men

den handla om narkotikab­ruk.

Noreg har likevel meir enn ti gongar så mange overdosedø­dsfall som Portugal, justert for befolkning.

Ein ny nullvisjon må handle om overdosedø­dsfall. Då er avkriminal­isering vegen å gå.

UTAN AKTIVISTAR SOM Arild Knutsen, ville rusreforma aldri blitt noko av. Han har brukt store deler av livet sitt på å kjempe for liva til rusavhengi­ge. Knutsen og regjeringa har kunnskapsg­runnlaget på si side.

Rusreformu­tvalet er heilt tydeleg på at vitskapen og erfaringar frå andre land viser at avkriminal­isering er eit gode.

Forbodet er rein symbolpoli­tikk, med heilt ekte offer.

NO HAR STORTINGET ein historisk sjanse til å avslutte det skadelege forbodsreg­imet, som har lagt så mange liv i grus.

SV og MDG er for avkriminal­isering, medan Framstegsp­artiet og Senterpart­iet er mot.

Difor er det opp til Arbeidarpa­rtiet å sikre fleirtal for reforma. Det einaste akseptable utfallet, er eit ja til rusreform.

No har Stortinget ein historisk sjanse til å avslutte det skadelege forbodsreg­imet, som har lagt så mange liv i grus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway