Bergens Tidende

– Dei leste kartet opp ned

-

Politiet har stoppa ein bil i Bjørnafjor­den etter mistanke om rus. Føraren av bilen skulle det bli tatt blodprøve av. Årsaka til utrykking var at politiet fekk melding frå publikum om at dei ikkje trudde dei to i bilen var i stand til å køyre nokon stad. – Dei sto parkert, slik som eg har forstått det, og kom i kontakt med ein kar. Han meinte dei ikkje var i stand til å køyre bil. Dei skal mellom anna forsøkt å lese eit godt, gamaldags papirkart som var opp ned, fortel operasjons­leiar i politiet, Eivind Hellesund. Politiet fekk først melding om bilen klokka 17.00 måndag, og fann dei igjen like før klokka 18.00.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway