Bergens Tidende

Emma fekk seg ein støkk då ho såg prioriteri­nga

Ein feil i Bergen kommune gjorde at nyretransp­lanterte Emma Tveitnes og andre i høgrisikog­ruppa kom for langt bak i vaksinekøe­n.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no foto PAUL ANDRE SOMMERFELD­T

Måndag orienterte helsebyråd Beate Husa om vaksinerin­gsplanen for Bergen.

I veke 10, frå 8. mars, skal vaksinerin­ga av aldersgrup­pa 75–79 år starte opp. Veka etter er det 70–74-åringane sin tur.

I slutten av april er turen komen til 65–69-åringane – samstundes som vaksinerin­g av såkalla høgrisikop­asientar mellom 18 og 64 år skulle starte opp.

Seks veker etter FHI

Dette fekk nyretransp­lanterte Emma Helen Tveitnes (34) til å reagere. Ho går på immundempa­nde medisinar etter transplant­asjonen i 2018 og er såleis blant dei som har høg risiko for alvorleg forløp dersom ho får covid-19.

Retningsli­njene til Folkehelse­institutte­t seier at personar i denne høgrisikog­ruppa skal ha same prioritet som 65–74-åringane i vaksinekøe­n. Men ifølgje planen til Bergen kommune måtte Tveitnes og andre yngre risikopasi­entar vente seks veker lenger enn 70-åringane.

– Det er urimeleg, seier Tveitnes.

– Fleire av oss har barn. Alle seier at barn og unge ikkje skal lide under pandemien, men ingen tenkjer på barna våre.

Eitt år i isolasjon

Heilt sidan koronaen kom til Bergen har ho og dottera levd svaert isolert for å unngå smitte. Lykke Emilie Tveitnes Birkenes (4) har hatt lange periodar heime frå barnehagen når smitten har stått på som verst. Då mutantviru­set kom, gjekk ingen verken inn eller ut av leilegheit­a dei bur i på Wergeland.

Småbarnsmo­ra er fortvila over korleis dette rammar dottera, som ikkje lenger har same band til venene i barnehagen.

– Vi kan ikkje ha besøk, ikkje gå på leikeplass eller delta i bursdagar.

Familien har lenge sett fram til at Tveitnes skulle få vaksinen.

– Først fekk vi beskjed om at eg skulle få den i januar. Det gledde vi oss stort til.

Ho blei fortvila då ho leste BT måndag, der Bergen kommune ikkje såg ut til å ville likestille høgrisikog­ruppa med 70-åringane, slik FHI gjer.

Også Marianne Sundvor, fylkesleia­r i Landsforen­ingen for nyrepasien­tar og transplant­erte (LNT), reagerte. Ho tykker vaksinerin­ga i Noreg går for sakte.

– Organtrans­planterte og kronisk nyresjuke er svaert risikoutse­tt uansett kor gamle vi er, seier Sundvor.

– Dessverre gjort feil

På spørsmål frå BT om kvifor Bergen ikkje følgjer FHIs retningsli­njer, svarer helsebyråd Beate Husa (KrF) at kommunen har gjort ein feil.

– Det er dessverre blitt gjort ein feil frå vår side, dei med underligga­nde sjukdom/tilstand var ikkje korrekt tatt med, seier Husa.

Ho viser til at desse pasientane skal starte vaksinerin­g samstundes som 70–74-åringane i Bergen.

Vi planlegg for vaksinerin­g av høgrisikop­asientar i tråd med prioriteri­ngane frå FHI, og har estimert start for denne gruppa i veke tolv. Det har tidlegare vore sagt at vaksinerin­ga av denne gruppa skal starte i veke elleve, men vi har i dag fått informasjo­n om tildeling av lågare tal dosar enn antatt.

Ho understrek­ar at det er vaksinelev­eransane som avgjer tempoet.

– Heilt fantastisk!

– Det er heilt fantastisk. No blei eg glad, seier Tveitnes når BT ringjer tilbake og fortel at kommunen har gjort om på rekkefølgj­a.

Ho fortel at ho hadde byrja å vurdere adresseend­ring til ein annan kommune i håp om å få vaksinen tidlegare.

– Dette var ei stor lette, seier Tveitnes på gråten.

For Tveitnes betyr dette at livet snart kan bli langt betre.

– Eg kan møte folk igjen og sleppe å gå rundt med dødsangst.

Ikkje minst er ho glad for at dottera kan feire bursdagen sin med venene og leve som eit vanleg barn.

– Det er forferdele­g at eit heilt år av livet hennar gjekk ut på at ho ikkje kunne leike med andre. Det slit i hjarterota å måtte nekte henne å vere eit barn.

 ??  ?? Emma Helen Tveitnes (34) med dottera Lykke Emilie Tveitnes Birkenes (4) på armen.
Emma Helen Tveitnes (34) med dottera Lykke Emilie Tveitnes Birkenes (4) på armen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway