Bergens Tidende

Fart og sjølvtilli­t

ANMELDT BOK Åshild Moldskred

-

«Berre hopp» Roman

Det Norske Samlaget

Nyleg kåra eit utval kritikarar «Tonje Glimmerdal» av Maria Parr til den beste, norske barneboka på 2000-talet. «Berre hopp» legg seg i ryggen på den klassiske forteljing­a frå Glimmerdal­en med god fart og i same stil, sjølv om heltinna ikkje er fullt så tøff som Tonje.

Med eitt høyreappar­at i kvart øyre og ei bestevenni­nne som sviktar, er det sjølvtilli­t som står øvst på ønskjelist­a til Ingeborg. Ho har ingen Vardetind å ta salto ifrå, men ein skaterampe å droppe frå og ei badeklippe å dødse frå gjer same nytta: «Du skal finne fire ting som du synest er skikkeleg skumle. Og du skal gjere dei innan eg dimmar om to veker», seier storebror Emil. Dropping og dødsing blir ein del av Ingeborgs sjølvpålag­de treningspr­ogram for å bli tøffare.

Har du vore innom hjå Tonje og Gunnvald, kjenner du deg straks att hjå Ingeborg og dei: Pappa steller heime, mamma er borte på jobb. Den barnevonde Gras-Mathias, den kloke, underfundi­ge bestemora og den svikefulle minigrisen BB: Desse typane dreg du kjensel på. Moldskreds nynorsk har det same parr’ske, friske og saftige preget av prat og seiemåtar frå bygda der Ingeborg bur. Både språk og innhald gjer at boka eignar seg til høgtlesing – både i familien og i klasseromm­et.

Ingeborg blir både tøffare og klokare. Ein treng to ting her i livet, seier tante Eir til Tonje. Fart og sjølvtilli­t. Ein treng to ting til, laerer Ingeborg: Empati og sjølvinnsi­kt. Lesaren får desse erfaringan­e konsekvens­laust på kjøpet. Berre hopp. Berre les.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway