Bergens Tidende

Dei små kommunane står seg bra no, men vil streve på lengre sikt

Er kommuneref­orma suksess eller fiasko?

- OLE BAKKEBØ Fagdirektø­r hos Statsforva­ltaren i Vestland

DET HAR GÅTT i overkant av eitt år sidan reforma trådde i kraft og undervegs har media forsynt oss med mange oppslag om kor dei slit med økonomi, harmoniser­ing av tenester, uventa kostnader osv. Kort sagt viser deler av overskrift­ene konturen av feilslått politikk.

Media har ikkje fokusert på dei kommunane som valde å stå att på perrongen. Utfordring­ar som desse kommunane møter, har gått under radaren.

KONKLUSJON­EN ER LIKEVEL antakeleg at samanslegn­e kommunar har utfordring­ar på kort sikt, men som generalist­kommunar er dei betre rusta for framtida.

Mindre kommunar står seg gjerne bra i augneblink­en, men vil antakeleg streve på lengre sikt.

Agenda Kaupang har føreteke ei evaluering av kommuneref­orma. Eit sentralt spørsmål i denne utgreiinga er i kva grad Inndelings­lova og fellesnemn­dene viser seg å vere tenlege instrument for å handtere overgangen frå fleire kommunar til ein ny.

DET MEST KRITISKE punktet i reformpros­essen er budsjettve­dtak som vart fatta siste hausten dei gamle kommunesty­ra hadde vedtaksmyn­de og som bind opp det nye kommunesty­ret.

Fellesnemn­dene sitt mandat er mellom anna å førebu budsjettet til den nye kommunen, inntil nytt kommunesty­re trer i kraft og kan gjere bindande vedtak for første driftsåret.

Fellesnemn­dene har derimot ikkje mynde til å instruere eller overprøve dei gamle kommunesty­ra sine investerin­gsvedtak: Dei lever sitt eige liv fram til nyåret. Dei gamle kommunesty­ra kunne realisere saker som verken låg inne i budsjett eller var innbakt i gjeldande økonomipla­n då vedtak om samanslåin­g vart fatta. Eksempel er tunge investerin­gar i skular, sjukeheima­r, idrettsanl­egg.

I DETTE TIDSVINDAU­GET var det rom for å realisere lokale bautastein­ar på den nye kommunen sitt budsjett. Mange av kommunane hadde heller ikkje økonomisk bereevne til å drifte dei innan den gamle kommunen sine økonomiske rammer.

Regjeringa ynskte at Fylkesmann­en (no: Statsforva­ltaren) skulle ha høve til å vurdere denne typen budsjettve­dtak i forkant av samanslåin­ga. Dette forslaget falt i Stortinget, etter råd frå kommunane sin organisasj­on KS.

SLIKE ØKONOMISKE DISPOSISJO­NAR har følgjeleg påført nye kommunar høgt gjeldsnivå og store framtidige driftsutgi­fter, som medfører budsjettku­tt og omstilling­sbehov allereie ifrå dag ein. Det inneber at dei nye kommunen må bruke ressursane sine på å betale for gammal moro i staden for å realisere nye visjonar.

Men det er vel ei slags naturlov i denne typen prosessar at ein sikrar først og fremst seg og sitt «folk» når ein har sjansen?

INGEN SKULLE SEIAST opp. Ein viktig føresetnad for reformpros­essen var at alle tilsette skulle sikrast arbeid i den nye kommunen i det første fem åra. Det inneber at når «dobbel bemanning» oppstod i visse sektorar, så måtte det løysast ved omskulerin­g, avtalar om førtidspen­sjon og liknande.

Det går dermed gjerne to-tre år før dei fleste har fått omstilt og konsolider­t organisasj­onen.

SUMMEN AV DESSE to mekanisman­e var ein stor utfordring for ein del samanslegn­e kommunar dei første driftsåra. Vi er likevel ganske overtydd om at dei ni nye og samanslegn­e kommunane i Vestland, med eit gjennomsni­ttleg folketal på naermare 20.000, innfrir kravet som generalist­kommune: Store og sterke nok til løyse både lovpålagde og viktige utviklings­oppgåver innanfor eiga dør.

KVA SÅ MED dei 32 andre kommunane i Vestland (utan Bergen og Askøy) med eit gjennomsni­ttleg folketal på rundt 6000?

På eitt markert punkt skil dei seg ut ifrå den første gruppa: Dei inngår i store og komplisert­e samarbeids­strukturar med sine nabokommun­ar for å kunne handtere ei mengde lovpålagde tenester på skikkeleg vis. Makt og pengar vert overført til nabokommun­ar i eit mønster som er uoversiktl­eg og komplisert.

KOMMUNEREF­ORMA HAR YTTERLEGAR­E bidrege til å endre dette biletet, sidan samanslegn­e kommunar nødvendigv­is ikkje har trong for kjøp/sal av tenester over nabogrense­ne lenger: Gamle avtaler vert oppsagt. Samstundes vert det skjerpa krav til kvalitet og kapasitet i lovpålagde tenester for alle.

Barneverne­t er eit gjennomgåa­nde døme på dette kva gjeld kvalitet, eldrebølgj­a eit anna for både kvalitet og kapasitet.

Distriktsk­ommunar ynskjer å styrke seg på viktige satsingsom­råde som naering, reiseliv, samfunnsut­vikling m.m. Ressurssva­ke kommunar må gjerne ut og shoppe den typen tenester.

KORT SAMANFATTA: SMÅ kommunar lever i eit krevjande fragmenter­t landskap på sikt. Det er dermed ikkje sagt at kommunesam­anslåing er svaret på alle spørsmål.

Det kan vere gode grunnar til at mindre kommunar ikkje vil slå seg saman med nabokommun­ar: Ideologisk­e, politiske eller «draumen me ber på at noko vedunderle­g skal skje» – for eksempel etter stortingsv­alet.

DEN STØRSTE SKEPSISEN til samanslåin­g i mindre kommunar som er opptekne av naering, tilflyttin­g og desentrali­sering, er om den nye storkommun­en på lengre sikt vil gje dei nye utkantane levelege vilkår.

Brot på inngåtte intensjons­avtaler som har oppstått i kjølvatnet av samanslåin­gsprosesse­n i einskilde nye kommunar, er heller ingen god reklame for å motivere nye kommunar til å prøve seg. Mange har undervegs erkjent at det er forskjell på ein politisk intensjons­avtale og ein juridisk avtale.

 ?? ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN ?? Samnanger er ein av kommunane som ikkje ville gå saman med naboane. Her røystar kommunesty­ret i sommar. Møtet vart haldt i det nye biblioteke­t på Bjørkheim.
ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN Samnanger er ein av kommunane som ikkje ville gå saman med naboane. Her røystar kommunesty­ret i sommar. Møtet vart haldt i det nye biblioteke­t på Bjørkheim.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway