Bergens Tidende

Tix bør ikkje bli kritisert for å snakke om psyken

- OLAUG NILSSEN Forfattar

EG SYNEST IKKJE Tix si Grand Prix-låt er saerleg god, sjølv om eg har «hun er altfor bra for meg» på hjernen. I den norske versjonen vekslar han mellom «hun» og «du» på ein måte som ikkje gir meining, og eg synest teksten i seg sjølv, både på norsk og engelsk, er for upresis til å gi saerleg meining utan staffasjen rundt – og då meiner eg både sceneshowe­t med engel, lenkjer og demonar, og det at Tix no i fleire offentlege samanhenga­r har snakka om eiga skrantande psykiske helse, og om at det er viktig at menn snakkar om psykisk helse.

EG SYNEST EIGENTLEG ikkje at Anders Grønneberg si melding av låta er så grufull, men eg forstår godt at Tix argumenter­er mot det Grønneberg har skrive om andre.

I Debatten-sendinga argumenter­te Tix mest mot at Grønneberg skreiv om ein av dei andre MGP-deltakaran­e at ho kanskje kunne gå på Lindmo og grine litt. Implisitt: Skaffe seg merksemd og tilhengjar­skare, slik som Tix hadde gjort.

PROBLEMET HER ER jo nettopp dette, at motiva til Tix blir mistenkjel­eggjorde. Det er ikkje nokon umiddelbar samanheng mellom det å «grine på Lindmo» og det å oppleve suksess med produktet sitt.

Å bedømme korleis eit kjent menneske forvaltar det å snakke om psykisk liding og å «møte veggen», eller andre typiske sårbarheit­stema i allmenta, er noko anna enn å bedømme vedkomande sitt kunstnarle­ge verk.

BEGGE DELER GÅR det an å gjere, og i enkelte tilfelle er det heilt sikkert også rett å seie at eit offentleg tilståande opptrinn verkar lite truverdig og kalkulert – saerleg dersom ein ikkje er så imponert over djupna i eit verk.

Men det er no likevel sånn at livet også inneheld smerte. Smerte kan vere tema for alle typar kunst. Det er ikkje noko diskvalifi­serande i seg sjølv at det er slik, og eg synest aerleg talt ikkje det er diskvalifi­serande at ein kunstnar vel ulike uttrykksfo­rmer for det bodskap hen har, og at hen gjer det samstundes.

DET Å FORSTÅ at publikum, eller «folket», som Tix snakkar om, har ulike preferansa­r for korleis dei snakkar om smerte – eller glede, eller sinne, eller livet i det heile tatt – burde ikkje vere diskvalifi­serande for verken kunstnaren eller kunsten.

Og så får ettertida dømme kva som er varig kvalitet.

Teksten sto først på Facebook.

 ?? FOTO: JULIA MARIE NAGELSTAD / NRK ?? Olaug Nilssen synest ikkje Tix si Grand Prix-låt er saerleg god. Og heller ikkje at Dagbladmel­dinga er så grufull. Problemet er at motiva til Tix blir mistenkjel­eggjorde, meiner ho.
FOTO: JULIA MARIE NAGELSTAD / NRK Olaug Nilssen synest ikkje Tix si Grand Prix-låt er saerleg god. Og heller ikkje at Dagbladmel­dinga er så grufull. Problemet er at motiva til Tix blir mistenkjel­eggjorde, meiner ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway