Bergens Tidende

Sp går i ei grønare retning, men partiet må ha meir trua på Noreg

Det er bra at partiet no stiller seg bak dei norske klimamåla, men dei bør ikkje betale andre land for å kutte utslepp.

-

SENTERPART­IET HAR DEI siste vekene skapt uro, spekulasjo­nar og strid om sin eigen klimapolit­ikk. Debatten skaut fart etter partileiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum i Politisk kvarter på NRK ikkje kunne svare på om Sp støttar Noregs klimamål.

FLEIRE SENTRALE SP-POLITIKARA­R, ikkje minst frå Vestlandet, har reagert kraftig. Tidlegare partileiar Liv Signe Navarsete etterlyste grønfargen i Sp-kløveren, medan stortingsr­epresentan­t Kjersti Toppe frykta at partiet kunne bli eit «Frp light».

No kan denne delen av Senterpart­iet notere seg ein markant siger. Denne veka stilte ei samrøystes stortingsg­ruppe i partiet seg bak det norske klimamålet om å kutte 50–55 prosent av norsk klimagassu­tslepp innan 2030 samanlikna med 1990-nivået, ifølgje NTB.

Samstundes seier partiet nei til å auke pumpeprise­n på drivstoff. Ein auke i CO2-avgifta her må bli kompensert med reduksjona­r i andre avgifter, meiner Sp.

DERMED MANGLAR SP framleis ein klar plan for korleis Noreg skal nå målet om store nok utsleppsre­duksjonar. Det er likevel svaert positivt at partiet no stiller seg bak det norske målet, og så må dei konkretise­re kva veg dei ønskjer seg til målet.

Frykta var stor for at Senterpart­iet og Framstegsp­artiet skulle bruke valkampen på å konkurrere om å ha svakast mogeleg klimapolit­ikk.

Dette kappløpet er no avlyst. I staden kan partia kappast om å finne verkemidla som gjev mest mogeleg omstilling og utsleppsku­tt for pengane.

SENTERPART­IET UTELUKKAR IKKJE å bruke kvotekjøp for å unngå å ta heile utsleppsku­ttet i Noreg. Her bør resten av partiet lytte meir til sine folk på Vestlandet, som står naerast oljeog gassektore­n.

Det er veldig lite effektivt å betale andre land store summar for at omstilling­a skal stanse opp i Noreg. Pengane bør heller bli brukt her heime på ei omstilling som uansett må skje. Det er både meir økonomisk og til meir gagn for norske arbeidsfol­k.

Det er bra at Sp endeleg stiller seg bak klimamåla, men partiet må jekke opp ambisjonan­e på vegner av Noreg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway