Bergens Tidende

Sjå mot lyset

ANMELDT BOK Martine Grande

-

«Ørn» Biletbok

Det Norske Samlaget

Pappa masar, men Sam vil ikkje gå ut og leike med dei andre. Han gøymer seg ved ytterdøra, lenge nok til å lure pappa. Så snik han seg opp på rommet sitt. Ørn må vere heilt stille. Frå vindauget ser Sam ei jente. Ho har sparkesykk­el og gul hjelm. Han opnar vindauget, Ørn flyg av garde og Sam må ut og leite. Etter fuglen og etter jenta. Farar ventar, der ute.

«Ørn» er ei biletbok av beste merke. Spenningsl­ina er stram nok til at ho kan lesast i eitt drag, men styrken i den saumlause veven av tekst og illustrasj­onar finst i alle opningane: For innleving og medskaping, for undring og mysterium. «Ørn» er kort sagt ikkje ferdig fortalt.

Eitt spor å følgje er å kjenne etter korleis fargane verkar på stemninga i forteljing­a. Det er ikkje berre hjelmen som er gul, heile jenta er gul! Når ho kjem forbi på sparkesykk­elen fargar ho også heile boksida varm og gul. Sam er grøn. Fargen kan vere både varm og kald. Det kjem an på om han er saman med dei varme, gule eller dei kalde, blå.

Andre tolkingsro­m finst i dei vekslande perspektiv­a. Om du er liten eller stor, dette gjeld for alle: Det ventar deg lys og mørke her i livet. «Ørn» er ei trening i å sjå mot lyset.

Så kan vi lytte til fuglen. Pip, seier Ørn. Kva betyr det? Ørn, heiter undulaten. Kvifor det?

Fuglar er symboltung­e metaforar i litteratur­en, saerleg om dei held seg i håret ditt eller på skuldra di. I Det nye testamente­t varslar ørna siger over mørkets makt og Jesu himmelfart.

Å finne ein ven som fargar dagen din gul er himmelfart så god som nokon.

Godt lese er «Ørn» ei bok om livsmestri­ng og om krafta vi har til å setje oss sjølve fri. Som fuglen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway