Bergens Tidende

VI SOM TOK FEIL: Då Siv Jensen nyleg annonserte sin exit som leiar i Framstegsp­artiet, oppstod eit interessan­t fenomen: Store delar av feeden min hylla henne.

Viss Framstegsp­artiet skal opptre som eit normalt politisk parti, må vi andre behandle det normalt. Eg tok feil.

- EMIL ANDRÉ ERSTAD Kommunikas­jonssjef | Den norske helsingfor­skomité

DÅ SIV JENSEN NYLEG annonserte sin exit som leiar i Framstegsp­artiet, oppstod eit interessan­t fenomen: Store delar av feeden min hylla henne. Folk som har brukt heile sitt politiske liv til å kjempe mot politikken Framstegsp­artiet, hylla den avtroppand­e partileiar­en for at ho har vore ein sympatisk, likandes politikar.

Audun Lysbakken (SV) skreiv til dømes at Jensen «tok raust og hyggelig imot. Tross endeløse og tøffe uenigheter har vi beholdt en god tone og gjensidig respekt».

Knut Arild Hareide (KrF) skreiv at han og Siv har hatt sine fightar, men at «det har alltid vaert realt. Takk Siv, for ditt bidrag til politikken».

KANSKJE VART HYLLESTA litt vel klam for nokon som ikkje klarte å gløyme utspel om snikislami­sering og mistenkjel­eggjeringa av innvandrar­ar Framstegsp­artiet har stått for under hennar leiing.

Ho stod mellom anna bak Per-Willy Amundsen som justismini­ster. Eg vart sjølv stilt til veggs for min hyllest.

DÅ EG JOBBA som politisk rådgjevar for Hareide handla mykje om Framstegsp­artiet. Partiet var den perfekte motstandar­en.

Altfor ofte var Framstegsp­artiet ute med saker som det var opportunt å vere mot.

Altfor ofte kom det utspel som vi kunne reagere skarpt og sjølvrettf­erdig på. Vi lét aldri ein gullstol, ein imamsleik eller ein redningsve­st gå inn i stilla.

Eg skal aerleg innrømme at eg var blant dei ivrigaste etter å rette kanonane mot Framstegsp­artiet. Partiet stod for mykje av det motsette av kva eg sjølv stod for.

Derfor var det lettvint og lite intellektu­elt utfordrand­e å kaste merkelappa­r, karakteris­tikkar og harde ord mot partiet og fotfolket der.

VALKAMPEN I 2017 kan illustrere dette: KrF mangla konfliktar.

Ein dårleg planlagt valkamp stod i fare for å gjere oss heilt irrelevant­e. Ingen kom til å bry seg om utspela våre om familiepol­itiske ordningar eller styrking av norsk landbruksp­olitikk.

For å kome oss inn i debattstud­ioa trong vi ein større konflikt – noko som kunne engasjere både støttespel­arar og motstandar­ar.

Då Sylvi Listhaug midt i fellesferi­en i juli 2017 gjekk til frontalang­rep på sjølve hjartet i KrF, kom det som bestilt.

«DEN BISTANDSPO­LITIKKEN SOM de har stått for, hvor det er mer viktig å gi masse penger enn hva pengene går til, er veldig langt unna det jeg står for. Og så synes jeg de er altfor naive i innvandrin­gspolitikk­en», sa Listhaug. «Endeleg!», sa vi til kvarandre.

Då vi seinare fekk tilbod om at Knut Arild skulle få møte Listhaug i Politisk Kvarter til debatt om norsk innvandrin­gspolitikk, takka vi ja på flekken.

Etter debatten, kanskje i affekt, sa Listhaug at «Hareide og andre politikere sleiker imamer oppetter ryggen, i stedet for å konfronter­e folk med ekstreme holdninger».

Kva meir kunne ein politisk spinndokto­r be om?

DET VAR MANGE INTERNT som åtvara mot å konfronter­e Listhaug, og som sa at vi gav henne bensin på bålet. At vi var hennar metode. At ho treng motstand for å lukkast.

Gjerne motstand av den litt engasjerte, inderlege og overtydde sorten, slik at alle debattar med Listhaug vart ein slags verdidebat­t. Kven kan motstå ei så stor freisting når du høyrer jubelbruse­t i kommentarf­elta?

Problemet er berre at den som dansar med feiaren vert fort svart. Problemet er å danse etter høgrepopul­isten si fløyte.

Vi bidrog til at valkampen i 2017 handla om Listhaug. Vi bidrog til å sette henne i sentrum av media sine kameralys.

KANSKJE BIDROG VI også til at Framstegsp­artiet gjorde eit betre val enn dei elles ville gjort, og dermed fire nye år for ei politisk retning vi jobba mot.

No som Listhaug etter alle solemerke vert ny leiar i Framstegsp­artiet melder denne debatten seg på nytt. Korleis skal vi behandle Framstegsp­artiet? Korleis skal vi omtale Listhaug?

Kor mykje merksemd skal vi gje krumspring­a hennar og kompanjong­ane som etter alt å døme får ei sentral rolle, ytterleggå­ande folk som Christian TybringGje­dde og Jon Helgheim?

EG TRUR SVARET ligg i korleis folk reagerte på Jensens avgang: Vi må behandle Framstegsp­artiet som eit vanleg parti, viss vi vil at Framstegsp­artiet skal oppføre seg som eit vanleg parti.

Ingen er tent med at vi oppgradere­r debattane mot partiets folk til eit slags sivilisasj­onskrigsak­tig nivå.

Kan vi ikkje berre halde oss til sak? Kan vi ikkje berre diskutere budsjett og forslag på lik linje med når andre fremjar sine politiske synspunkt? Alt treng ikkje bli verdidebat­t.

Det er nok mange som meg som har eit uavklart forhold til Framstegsp­artiet. På den eine sida er det bra vi har partiet, fordi det absorberer ein del strøyminga­r i det norske samfunnet som uansett er der.

På den andre sida er partiet og partiets standpunkt ei konstant påminning om alt vi er mot.

SANNINGA ER UANSETT at Framstegsp­artiet – i alle fall under Siv Jensens leiing – har vore eit nokså akseptabel­t parti i den norske partiflora­en, og langt mindre ekstremt enn så og sei alle sine europeiske partifrend­ar.

Sanninga er uansett at Framstegsp­artiet – i alle fall under Siv Jensens leiing – har vore eit nokså akseptabel­t parti i den norske partiflora­en.

Det skal vi vere glad for, men viss det skal halde fram slik, er det viktig at vi også framover behandlar partiet så normalt som mogeleg.

Politikken til Framstegsp­artiet må framleis konfronter­ast der det trengst.

Uakseptabe­l retorikk frå partiet må møtast med fordømming, når det trengst – som blant anna i det pågåande oppgjeret med haldningan­e etter 22. juli.

SYLVI LISTHAUG BØR sjølvsagt beklage det ho sa om at Arbeidarpa­rtiet meiner at terrorista­r sine rettar er viktigare enn nasjonens tryggleik.

Men vi bør ikkje gjere Framstegsp­artiet til noko styggare, farlegare og vondare enn det eigentleg er: Eit høgrepopul­istisk politisk parti med representa­sjon på Stortinget.

 ?? ARKIVFOTO: GORM KALLESTAD / NTB ?? «Då eg jobba som politisk rådgjevar for Hareide handla mykje om Framstegsp­artiet. Partiet var den perfekte motstandar­en», skriv Emil André Erstad.
ARKIVFOTO: GORM KALLESTAD / NTB «Då eg jobba som politisk rådgjevar for Hareide handla mykje om Framstegsp­artiet. Partiet var den perfekte motstandar­en», skriv Emil André Erstad.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway