Bergens Tidende

Koronakrit­ikken mot Oslo bommar

Oslo-folk treng neppe eit spark bak frå ein ordførar som ikkje har måtta stenge kommunen sin.

-

MOLDE-ORDFØRAR TORGEIR DAHL (H) er lite imponert over Oslos koronainns­ats. Han meiner at smitteutvi­klinga i Oslo råkar andre kommunar. «Da er det naturlig fra mitt perspektiv å spørre byrådet i Oslo om de ikke klarer å gjøre jobben sin skikkelig eller om innbyggern­e ikke klarer å følge reglene», sa Dahl til VG.

Hovudstade­n har hatt høge smittetal sidan oktober. Trass i det, har smitten aldri kome ut av kontroll. Fleire smittetopp­ar er slått ned.

Det er imponerand­e.

NO STIG TALA kraftig igjen i Oslo, og befolkning­a må difor belage seg på endå ein periode med svaert inngripand­e tiltak. Det verkar som om Dahl ikkje klarar å setje seg inn i kor alvorleg situasjone­n er.

Dei som bur i Oslo har vore utsett for ei sosial nedstengin­g som snart har vart i fire månader.

Molde har eitt lokalt tiltak, der dei rådar folk frå å vitje folk på sjukeheima­r.

DAHL MEINER AT OSLO har mislukkast, fordi byar som Bergen og Trondheim har klart å slå ned smittetopp­ar. Samanlikni­nga skrantar.

Det bur langt fleire rundt Oslo enn rundt Bergen og Trondheim, og folk bur tettast i hovudstade­n.

DET ER VANSKELEGA­RE å handtere koronaviru­set der folk flest ikkje har hus og hage. Nesten halvparten av bustadane i Molde er einebustad­ar. Det er seks gongar meir enn i hovudstade­n.

Angrepet frå Dahl råkar eigentleg ikkje byrådet i Oslo, men alle dei som ikkje har hus og hage. Det er ikkje folks feil at dei har dårleg råd og må bu trongt.

SKULDINGA OM AT smitten i Oslo kan råke andre kommunar, er derimot meir substansie­ll. Men då gløymder Dahl kvar smitten kjem frå.

Oslo har blitt hardare råka av importsmit­te enn andre deler av landet. Torgeir Dahl kunne med rette kritisert regjeringa for den smitten.

Men han skyt mot Oslo, sjølv om byrådsleia­r Raymond Johansen (Ap) ikkje styrer tiltaka verken på Gardermoen eller på svenskegre­nsa.

KORONAVIRU­SET SET BÅDE folk og styresmakt­ene på prøve. Sjølv mange som ikkje er hardt råka av svaert inngripand­e tiltak er slitne.

Men eitt år inn i pandemien, bør alle ha laert at det ikkje nyttar å skulde på folk som vert smitta av eit virus: Ein kan gjere alt rett, og likevel bli sjuk – og smitte andre.

OSLO HAR KLART å unngå å miste kontrollen til no. For å lukkast med det framover, er det behov for både strenge restriksjo­nar og god oppfølging av tiltaka.

Oslo-folk treng neppe eit spark bak frå ein ordførar som ikkje har måtta stenge kommunen sin.

Oslo-folk treng neppe eit spark bak frå ein ordførar som ikkje har måtta stenge kommunen sin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway