Bergens Tidende

– No kranglar vi om smular

Byrådsleia­ren i Bergen meiner FHI sitt forslag til ny vaksinestr­ategi vil føre til splid og usemje i vest. Ordføraran­e i nabokommun­ane er ikkje samde.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no KJETIL GILLESVIK

Byrådsleia­r

Roger Valhammer (Ap) meiner det er for lite vaksinar og for dårleg faktagrunn­lag til å innføre FHI sitt forslag til ny vaksinestr­ategi.

– Krangling mellom regionar og kommunar er ikkje naudsynt i ein situasjon der ein ny strategi i liten grad påverkar spreiingsr­isiko. Det er for lite vaksinar i Oslo, i Bergen og i heile resten av landet.

FHIs anbefaling er at nokon kommunar og bydelar i Oslo skal få 20 prosent meir enn planlagt. Dette er område som over tid har vore hardt råka av pandemien.

Dette gjeld Oslo-bydelane Stovner, Grorud, Bjerke, Alna, Gamle Oslo og Søndre Nordstrand, samt kommunane Lørenskog, Sarpsborg, Fredriksta­d og Moss.

Samstundes vert det ein reduksjon i tildelinga­ne på tre prosent til kvar av de rundt 330 kommunane/bydelar som har hatt fire eller faerre innleggels­er i aldersgrup­pen 45 til 74 siste halvår.

Bergen er den einaste av dei 43 kommunane i Vestland som kan få fleire vaksinar enn før. Likevel er ikkje Valhammer nøgd. Han fryktar strategien vil skade samarbeide­t Bergen og omeignskom­muane har hatt gjennom pandemien. I november 2020 innførte alle kommunane i regionen strenge reglar grunna høgt smittepres­s i Bergen.

– Dei har stilt opp for Bergen kvar gong vi har trengt det, sjølv om dei isolert sett ikkje har trengt det. Vi har ramma folk i dei kommunane, og viljen og solidarite­ten trur eg kan bli svekka av dette.

Valhammer uttrykker full forståing for at folk i Oslo er utmatta og treng eit lys i tunnelen, men åtvarer regjeringe­n mot å gi etter.

– Det kan Oslo kjempe for, men regjeringa har ansvar for heile Noreg.

Han tvilar til eksempel at folk vil ha forståing for at vaksinar blir flytta frå hardt koronaramm­a Ulvik til Bergen.

– Dei har sett kva som kan skje når eit stort utbrot ramma ein liten kommune. Når dei først blir ramma, så er det knallhardt.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway