Bergens Tidende

Gje meg vidareutda­nning, ikkje pensjonist­kurs

Det er på tide med ein ny utdannings­revolusjon i distrikta.

- MONA HAUGLAND HELLESNES Naerings- og reiselivss­jef, Ulvik kommune

KORLEIS SKAL VI få rekruttert sjukepleia­rar, legar, ingeniørar og anna kompetanse som både kommunane og naeringsli­vet har bruk for her i distrikta?

Statsminis­teren ber om at kvinner som meg, i alderen 50 +, må få tilbod om etter- og vidareutda­nning, ikkje pensjonist­kurs. Dei einaste som ikkje tar synleg del i debatten, er dei som kan gjere noko med det – utdannings­institusjo­nane sjølve.

NORMANN-UTVALET VIL LEGGE til rette for at dei som bur i distrikta må få ta høgare utdanning der dei bur, slik at dei som alt er i bygdene slepp å reise til byen for å ta meir utdanning.

Det er ikkje rakettfors­king – og med all respekt; det burde Høgskulen på Vestlandet og dei andre offentlege utdannings­institusjo­nane ha kome på heilt av seg sjølv, for lenge sidan. NHH og BI har gode, nettbasert­e tilbod.

DET ER TO «men» her: Dette er utdanninga­r som har ein mykje høgare kostnad enn dei offentlege tilboda. Nettbasert­e studium er også krevjande for mange som ikkje har vore student på ei stund, sjølv med eit kvantesteg i digital kompetanse etter eit år med koronaviru­s.

Mange som jobbar i reiselivet er sjølvlaert­e, har fagbrev eller anna vidaregåan­de utdanning. Ein høgskule der ein får vidareutvi­kla kompetanse­n gjennom eit praktisk studietilb­od, ville gje dei som no er hardast råka eit godt alternativ, og auka kompetanse i ei naering som treng det.

Over tid kan dette få mykje å seie for reiselivsu­tviklinga i distrikta dersom kompetanse­n blir verande. Vi treng utdannings­tilbod i bygdene slik at dei som jobbar som pleieassis­tent og ønskjer å bli sjukepleia­r kan gjere det utan å måtte flytte.

TENK OM DET hadde vore ein permanent avdeling av Høgskulen på Vestlandet – gjerne i samarbeid med Handelshøg­skulen NHH, på stader som Voss, der ein kan ta sjukepleia­r, ingeniør, laerar, økonomi og andre utdanninga­r på heil- og deltid, gjerne med ein kombinasjo­n av nettstudiu­m og samlingar.

Karriereut­vikling er mogeleg å få til på bygda og, men då må vi legge til rette for det, og tilboda må vere permanente. Vi treng ikkje fleire «prøve- eller pilotprosj­ekt».

EG VIL GJERNE ha vidareutda­nning, ikkje pensjonist­kurs.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway