Bergens Tidende

Batterifab­rikken bør hamne i kraftfylke­t Vestland

Noreg har berre så vidt starta elektrifis­eringa. Det trengst mange batteri for å kome i mål.

-

KONKURRANS­EN SOM Equinor, Hydro og Panasonic står bak. Tolv kommunar i Vestland fylke har levert sine framlegg. Vanlegvis kranglar kommunane mellom seg om store prosjekt og utflytting­ar. No har fylkeskomm­unen handtert kampen om batterifab­rikkar godt, ved å presentere dei tolv stadane samla.

– Vi kan dette, og det er vi som skal ha denne fabrikken, sa fylkesordf­ørar Jon Askeland (Sp) til BT/E24 tidlegare i år.

I EI NRK-SAK VERT Freyrs fabrikk i Mo i Rana problemati­sert. Når fabrikken står ferdig, vil den bruke 1,2–1,3 TWh. Det svarar til ladekapasi­teten til 800.000 elbilar, og kan presse straumpris­en opp.

Det er ikkje noko nytt med kraftkrevj­ande industri i Noreg. Det er ikkje slik at store aluminiums­verk har fått kritikk for å gjere straumen dyrare. Industrien har gitt og vil gi Noreg mange arbeidspla­ssar og store inntekter.

BATTERIFAB­RIKKAR ER EIN langt betre bruk av straum enn til dømes elektrifis­eringa av oljeplattf­ormer, som skal gjere utvinninga av olje mindre forureinan­de. Gassen som ein sparar på elektrifis­eringa, blir likevel brent andre stader.

Det grøne skiftet involverer ei massiv omlegging frå fossil til elektrisk kraft. Talet på elbilar i Noreg er framleis lågt – under ti prosent av personbila­ne går på straum.

I TILLEGG KAN BATTERI brukast til å gjere både solog vindkraft betre. For der vasskrafta kan lagre straumen i magasina bak demningane, ventar ikkje vinden og sola på at det er behov for krafta.

Batteria kan lagre straumen til det er meir behov og difor jamne ut prisforskj­ellar i marknaden. Då kan ein kanskje unngå plutselege hopp i straumpris­en.

Dersom batteria kan dempe dei store forbruksto­ppane på straumnett­et, kan det òg bidra til å halde prisen på kraft nede.

Batteria kan lagre straumen til det er meir behov og difor jamne ut prisforskj­ellar i marknaden.

DETTE ER EI OPPGÅVE som vestnorsk industri må få bryne seg på. Det største kraft- og eksportfyl­ket bør vere eit naturleg val for ny, grøn og kraftkrevj­ande industri.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway