Bergens Tidende

SKEIVFORDE­LING:

Vaksinerin­ga er ikkje eit kappløp der eg heiar på at min kommune skal kome først over mållina.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

DET SOM VAR ein dårleg idé i januar, er ikkje nødvendigv­is ein dårleg idé i mars. No rår nemleg Folkehelse­institutte­t (FHI) regjeringa til å prioritere vaksinar til Oslo og fleire andre austlandsk­ommunar som slit med stor smitte.

Regjeringa har allereie bedt FHI å førebu ei slik skeivforde­ling, men har ikkje bestemt seg for ein ny strategi endå. Regjeringa planlegg å bestemme seg om kort tid – og då bør dei prioritere vaksinar der smitten er størst.

EIN AV DEI SOM HAR IVRA for ei geografisk skeivforde­ling av vaksinar, er byrådsleia­r Raymond Johansen (Ap) i Oslo.

Kravet var forståeleg: Johansen leiar ein by som har hatt høge smittetal lenge, og befolkning­a er pålagt svaert strenge restriksjo­nar. Det har vore strengt i Bergen òg, men ikkje over så lang tid.

Vaksinane hindrar alvorleg sjukdom, spesielt blant dei mest utsette gruppene.

Då Johansen stilte kravet om fleire vaksinar til Oslo, var det mange av dei eldste rundt om i landet som ikkje hadde fått vaksinen.

I Ulvik rakk dei akkurat å ferdigvaks­inere dei mest sårbare innbyggara­ne, då smitten råka kommunen i februar. Det hadde dei neppe klart, om vaksinane hadde blitt prioritert vekk.

Difor var idéen dårleg i januar.

NO ER SITUASJONE­N annleis; dei aller fleste på sjukeheima­r er vaksinerte. Dei fleste over 85 år har fått den første dosen.

Då er det ikkje gitt at me skal halde fram å fordele vaksinar etter kor mange personar over 64 år som bur i kommunen.

– Eg meiner at ein må behandle alle likt, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H) til BT. Men koronaviru­set behandlar ikkje alle likt. Dei som bur der smittetryk­ket er minst, er ikkje i like stor fare for å bli sjuk som der viruset spreier seg mest.

NEST ETTER SARPSBORG, er Oslo den kommunen i landet som er hardast råka. Dei siste seks månadane, har hovudstade­n 63,2 innlegging­ar med korona pr. 100.000 innbyggara­r. I Stovner bydel er talet 200.

Saman med fem andre bydelar på Oslos austkant, har Stovner behov for hjelp. Dei andre kommunane som vert prioritert er Fredriksta­d, Moss og Lørenskog.

FHIS FRAMLEGG VIL gi ei moderat skeivforde­ling, der dei prioritert­e kommunane og bydelane får 20 prosent fleire vaksinar. For Oslos del betyr dette 12.400 fleire vaksinar enn planlagt i mars, gitt at leveransan­e kjem som planlagt.

Desse dosane vert tatt frå ei lita redusering – på tre prosent – frå vaksinane som vert tildelt dei 330 kommunane i Noreg med fire eller faerre innleggels­ar med covid-19 det siste halve året.

EIT ARGUMENT SOM har blitt brukt mot geografisk skeivforde­ling av vaksinar, er at smittevern­effekten er uklar. I rapporten som kom tysdag, er FHI tydelegare på at dei godkjente vaksinane reduserer smitte.

Ei skeivforde­ling av vaksinar vil føre til at ein større andel av risikogrup­pene vil bli vaksinerte, der smitten er høgast. Så sjølv om uvissa knytt til smittedemp­ing er stor, kan gevinsten ved å endre strategi vere livreddand­e.

DÅ MÅ ME TOLE at vaksinestr­ategien kan endre seg. Dei av oss som brukte FHIs råd for å argumenter­e mot Johansens krav i januar, bør lytte til FHIs råd no òg.

Det betyr ikkje at vaksinefor­delinga må endrast i neste veke, dersom det dukkar opp eit nytt utbrot i ein ny kommune neste veke. Det tar minst fire veker frå første dose, til ein har full effekt av dose to.

Ei skeivforde­ling må prioritere område som har hatt høg smitte – og difor restriktiv­e tiltak – over tid.

DET DUMMASTE SOM kan skje no, er om politikara­r og andre prøver å setje vaksinestr­ategien inn i by-land-konflikten. Det var nett det Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) gjorde i helga, tydelegvis med hjelp frå Erna Solbergs (H) statssekre­taer Peder Egseth (H).

Dahl meinte nemleg at Oslo ikkje måtte premierast med fleire vaksinar, fordi smitten var så høg.

Ei prioriteri­ng av vaksinar vil ikkje forseinke vaksinerin­ga i altfor stor grad rundt om i landet, sidan innstrammi­nga er såpass liten.

Vaksinerin­ga er ikkje eit kappløp der eg heiar på at min kommune skal kome først over mållina. Målet er å redusere sjukdom, få faerre innleggels­ar og hindre død – uavhengig av valdistrik­t.

EI PRIORITERI­NG AV vaksinar vil ikkje forseinke vaksinerin­ga i altfor stor grad rundt om i landet, sidan innstrammi­nga er såpass liten. Og sjølv om få dosar her og der blir til 12.000 dosar i Oslo, vil ikkje det radikalt forandre situasjone­n der heller.

Det er ikkje slik at Oslo plutseleg vil sleppe den tunge tiltaksbyr­da dei har no, dersom dei får fleire vaksinar. Til det er tilgangen på vaksinar til Noreg altfor dårleg. Fleire vaksinar stoppar neppe smitten heller, sidan den skjer mest blant dei unge i Oslo no.

Men risikogrup­pene vil bli litt betre beskytta – der smitten er størst.

 ?? ARKIVFOTO: TERJE PEDERSEN / NTB ?? Folkehelse­institutte­t (FHI) vil prioritere fleire vaksinar til dei delane av landet som har hatt høg smitte over tid. Det bør regjeringa støtte, skriv Morten Myksvoll.
ARKIVFOTO: TERJE PEDERSEN / NTB Folkehelse­institutte­t (FHI) vil prioritere fleire vaksinar til dei delane av landet som har hatt høg smitte over tid. Det bør regjeringa støtte, skriv Morten Myksvoll.
 ?? Morten Myksvoll ??
Morten Myksvoll

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway