Bergens Tidende

Til: Oslo, Frå: Noreg

- ØYSTEIN MONSEN Ås

EG HØYRDE DAGSNYTT 18 den 2. mars, og må innrømma ein viss irritasjon over saka om det no infame Molde-ordførarut­spelet i VG.

Greitt at det er utidig av statsminis­teren (ja, ja, teknisk sett var statssekre­taeren hennar, men det er ho som har ansvaret og ho har i praksis gått god for han ved å halde han i arbeid) å angripe ein kommunalpo­litikar gjennom ein av hans kollegaer, men saka har blitt til ein endelaus harang om kven som visste kva kor tid og kva som sømmer seg for folk i ulike stillingar.

Vi har òg fått den evinnelege samtala om samtala, om kven som vinn og kven som tapar. Ingen blir klokare av det, men det sel vel avisar og driv vel klikk. Alt det der er greitt, men det er litt kjøt på beinet her som det er verdt å sjå litt på.

I KJØLVATNET AV denne bruduljen har det blitt ei kjensgjern­ing at Oslo-området no skal få fleire vaksinar på kostnad av landet elles. Dette er etter tilråding frå FHI.

Eg har korkje kompetanse eller hug til å krangle med FHI, men eg kjenner at dette stikk litt – for er det nokon som eigentleg trur at Oslo hadde gitt frå seg vaksinar om stoda hadde vore omvendt?

Det har vel knappast skjedd at Oslo har kome bak i køen i nokon som helst samanheng. Det kjennest som om det saklege grunnlaget har som hovudverkn­ad at det gjer det mogeleg for makta å gjere som ho vil.

DET ER EIN ulukkeleg tanke, men eg kjenner at det svir litt at den einaste kritikken som kjem av dette, er så grenselaus­t kompromitt­ert, og at debatten, for å låna ei vending frå regjeringa, har spora av.

Eg trur nemleg ikkje at eg er den einaste som sit med denne kjensla.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway