Bergens Tidende

Stryk-tala går oppover – så ille at fylket innfører strakstilt­ak

Fylkeskomm­unen vil innføre strakstilt­ak etter «urovekkand­e» auke i talet elevar som stryk eller ikkje fullfører.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Eit år med heimeskule og strenge koronarest­riksjonar taerer på ungdomen vår.

No ber fylkesrådm­annen politikara­ne om å innføre strakstilt­ak i vidaregåan­de skule.

Årsaka er at fleire elevar enn før anten stryk eller ikkje har delteke nok i undervisni­nga til å ein gong få karakter, skriv fylkesrådm­ann Rune Haugsdal.

– Pandemisit­uasjonen har ført til urovekkand­e auke i denne elevgruppa, og det er viktig å setje inn avbøtande tiltak snarast råd, skriv han i framlegget.

BT har bedt fylkesrådm­annen om å få tala som viser kor stor auken er, men har førebels ikkje fått dei.

Set av opp mot 33 millionar

Grunna pandemien har fylkeskomm­une også brukt langt mindre pengar enn dei rekna med – totalt 47 millionar mindre i opplaering­ssektoren i 2020.

Dermed fins det for ein gongs skuld pengar til overs hos ein fylkeskomm­une som er hardt økonomisk pressa.

Fylkesrådm­annen vil at opp mot 33 millionar av desse skal brukast på strakstilt­aka.

12,9 av dei ønskjer han skal brukast på tiltak for å få ned talet på stryk-elevar og elevar som ikkje har delteke nok til å få ein karakter.

Opp mot 20 millionar vil han bruke på bøte på effekten pandemien har hatt på elevane, spesielt når det gjeld psykisk helse.

Alle parti stilte seg bak forslaget under fylkesutva­let denne veka.

– Kjempealvo­rleg

Strakstilt­aka kjem som følgje av eit forslag frå Emil Gadolin (Ap), som sit i opplaering­sutvalet.

– Vi har fått beskjed frå både Helse Vest og andre at mange slit med depresjon og med eteforstyr­ringar. Det er kjempealvo­rleg. Då må fellesskap­et stille opp, seier han.

Han meiner det er viktig at pengane, som er eit overskot grunna mindre forbruk hovudsakle­g på grunn av pandemien, raskt blir sett i arbeid.

– Smittevern­tiltaka har ramma alle, men nokre meir enn andre. Enkelte har hatt veldig mykje heimeskule, og du kan tenkje deg dei som byrja på vidaregåan­de skule for første gong og skulle etablere seg og få vener. Eg trur ikkje dette har blitt tida dei ønska seg, seier Gadolin.

Saka skal endeleg behandlast i fylkesting­et 9. og 10. mars.

Slik skal pengane brukast

Det vil vere ganske stort spelerom i korleis midlane kan nyttast, men nokre retningsli­ner er allereie på plass.

Etter å ha snakka med rettleiing­stenestene og rektorane på skulane, er desse tiltaka foreslått å setje i verk så raskt som råd: Open skule på ettermidda­gar. Open skule i vinterferi­en. Ulike aktiviteta­r på skulane.

Webinar om psykisk helse til dei tilsette i skulane. Leksehjelp.

Webinar om psykisk helse til laerebedri­fter og opplaering­skontor.

Webinar om psykisk helse som kan nyttast i samband med foreldremø­te.

Støttetele­fon for elevar og laerlingar som treng nokon å snakke med.

Tett oppfølging av elevar og laerlingar frå rettleiing­stenestene og skulane.

Samarbeid med frivillige organisasj­onar om ulike aktiviteta­r og tiltak.

Vi har fått beskjed frå både Helse Vest og andre at mange slit med depresjon og med eteforstyr­ringar. Det er kjempealvo­rleg. Emil Gadolin (Ap), opplaering­sutvalget i fylkeskomm­unen

 ?? ARKIVFOTO: VEGAR VALDE ?? Emil Gadolin (Ap) er uroa over elevane i vidaregåan­de skule. Han la i februar fram eit forslag der fylkesrådm­annen blei bedt om å sjå kva som kunne gjerast for å betre psykisk helse i vidaregåan­de skule under pandemien. Alle parti stilte seg bak forslaget.
ARKIVFOTO: VEGAR VALDE Emil Gadolin (Ap) er uroa over elevane i vidaregåan­de skule. Han la i februar fram eit forslag der fylkesrådm­annen blei bedt om å sjå kva som kunne gjerast for å betre psykisk helse i vidaregåan­de skule under pandemien. Alle parti stilte seg bak forslaget.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway