Bergens Tidende

Det er ikkje den tynne venninna mi som har spiseforst­yrring, det er eg

Folk har mykje lettare for å kommentera vekta di direkte til deg når du er tynn. Eg får heller blikk eller kommentara­r på nettet.

- ANNE MARI SELJE Bergen

EG ER TJUKK, og eg har alltid vore litt tjukk. Eg pleidde kalle meg sjølv feit, men det er eit utruleg negativt lada ord, så eg vel å bruke tjukk no. Då eg vaks opp, var eg òg det ein vil kalla litt fyldig, spesielt på slutten av barneskule­n og oppover.

Det var slik eg følte meg, men når eg ser attende på bilete no, ser eg at det ikkje var så gale som eg skulle ha det til der og då.

EG HAR ALLTID følt at eg er så tjukk. Venninna mi har alltid slite med at folk reknar ho som for tynn.

Ja, eg kan kjenne på at eg slit med vekta, eg vert liksom aldri tynn nok. Samstundes veit eg kor mykje veninna mi, som eg har kjent heile livet, har slite med å overtyda folk om at ho ikkje har spiseforst­yrringar.

Ho har faktisk ikkje det, det er EG som har det.

FOR OSS BEGGE har vekta vår, på kvar vår side av skalaen, vore synonymt med å vere stygg.

Viktig laerdom eg har tatt med meg frå venskapen vår, er å kunne sjå dette med vekt frå ulike perspektiv. Folk har mykje lettare for å kommentera vekta di direkte til deg når du er tynn. Er du tjukk, er det meir blikk og kommentara­r på internett, det er i alle fall mi erfaring.

Begge delar er kjipt for den det gjeld. Men internett kan ein slå av, ein kan ikkje slå av folk som kjem med unødvendig­e kommentara­r og spørsmål face-to-face.

DET ER SKAMFYLT for meg å ete offentleg eller berre framfor andre. Medan folk spør om det går bra med venninna mi, og om ho et nok, har eg trykka i meg lassevis med mat. Det gjorde eg fordi då trengde eg ikkje kjenne på alle kjenslene inni meg.

Med meg var det aldri nokre alarmbjøll­er. Men eg nådde aldri den grensa eller kriteria for faktisk å ha spiseforst­yrringar reint medisinsk. Eg berre hoppa opp og ned i vekt. Og ville at nokon skulle sjå meg og mine problem, nokre av dei har rot i mobbing i barneåra.

EG JOBBA INTENST hardt ein periode i tenåra for å koma under ein viss BMI (mål for kroppsmass­e, red.anm.). Pleidde kjøpe ein sånn tre-pakning med mais; frukost, middag og kvelds, dette heldt eg på med ei god stund før eg skjønte at ingenting skjedde vektmessig. Då var eg inne i ein ny periode for å gi fullstendi­g faen og smelle i meg alt eg kunne (altså: deprimert).

Det var «gode» råd på internett allereie då, eg kan berre førestilla meg korleis det er no. Men eg leitar ikkje opp slikt lenger, fordi eg vert trigga.

EIN DEL AV meg har alltid følt at mat er gale, at den gjer meg stygg og ekkel. Så då eg prøvde hardt å ikkje ete, i tillegg til ein del andre greier, byrja eg å kutte meg. For då tenkte eg ikkje på mat. Eg gjekk med langarma genser og bukser heile året til langt oppi 20-åra, før eg klarte å ta imot spørsmåla som ville kome i T-skjorte.

Spiseforst­yrringar ligg psykisk, ikkje i konkret vekt eller BMI.

Ein kan ikkje måle dei psykiske vanskane med mat ut ifrå vekt og BMI. Det handlar om sjølvbilet­e, om å stole på seg sjølv og ha kontroll. Det handlar om livet rundt. Kva kan ein kontroller­a?

DET SKARPE FOKUSET på vekt og BMI må vekk. Ein må sjå individ for den dei er, ikkje korleis kroppen er. Frisk er ikkje einstydand­e med slank, og tjukk er ikkje einstydand­e med dårleg helse.

Vi kan faktisk ikkje alle vere like, men vi kan alle respektere kvarandre, og ikkje dømme kvarandre ut frå korleis kroppen vår er.

Eg arbeider med barn, og eg er opptatt av å formidle at sjølve vekta ein har ikkje er det viktigaste. Aktivitets­nivå og sunt kosthald er det viktige, utover det kjem vi alle til å ha ulike kroppar.

EG ER VEGANAR og har eit sunt kosthald. Eg er fysisk aktiv, men eg er likevel ikkje innanfor «normalvekt­a» for min høgde, ifølgje BMI - og folk bak tastatur.

Det har eg innsett at eg aldri kjem verte, eg har prøvd og prøvd, men det skjer ikkje. Det som derimot kan skje, er at eg har det så bra eg kan ha det, og at eg er frisk.

EG ER PR. definisjon overvektig, og eg er i full jobb. Dei fleste av oss tjukkare folk er det. Det er ikkje vekta som gjer at folk er uføre eller sjukmelde, vekta er som regel berre eit symptom på noko anna.

Prøv å få ei forståing for kvifor det er som det er, i staden for å ilegge skuld. Jo meir skuld ein legg, jo meir kjem spiseforst­yrringane.

Når ein gjer store kroppar til noko negativt, legg vi òg meir press på å vere tynnast mogeleg, igjen kjem spiseforst­yrringane. Friske, «normalvekt­ige» menneske vert sjuke fordi samfunnet er så uavgrensa kritisk til å ligge på den tjukkare sida.

Eg har eit stort ynskje om å sleppe å lese eller høyre meir om vekt og BMI.

INGEN KAN VITE kvifor nokon er tjukke eller tynne. Så med mindre du faktisk tør å spørje vedkomande face-to-face, bør du halda meiningane dine for deg sjølv, og ikkje generalise­re.

NO FOKUSERER EG på å vere så aktiv som eg klarar, og ete det kroppen treng, i staden for kva vekt eg har. Har ikkje gått på ei vekt på årevis. Gjer eg det, vert eg altfor opptatt av tala, og så er vi i gong.

MAT ER FRAMLEIS vanskeleg for meg, men eg veit eg må ha det for å koma gjennom dagen. Eg er førebudd på tilbakefal­l, men jobbar med å laere meg at det er greitt, det er kva eg gjer vidare som er det viktige. Hentar eg meg inn igjen, eller gir eg opp?

Tjukk eller tynn, vi er alle menneske, og vi forstår kvarandre inst inne. Berre blås i den kjensla av skuld, du har ingenting å kjenne skuld for.

VAER GREI MED deg sjølv og dei rundt deg!

 ?? FOTO: ALICE BRATSHAUG ?? Frisk er ikkje einstydand­e med slank, og tjukk er ikkje einstydand­e med dårleg helse, skriv Ann Mari Selje.
FOTO: ALICE BRATSHAUG Frisk er ikkje einstydand­e med slank, og tjukk er ikkje einstydand­e med dårleg helse, skriv Ann Mari Selje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway