Bergens Tidende

Pårørande må få avlasting «på resept»

- TRUDE BROSVIK Gruppeleia­r i Vestland KrF

MANGE PÅRØRANDE TAR stor belastning for fellesskap­et med å stelle og stille opp for sjuke familiemed­lemmer. Dei aller fleste ønskjer å gjere det for å kunne ha den hjelpetren­gjande buande heime lengst mogeleg. Og helsevesen­et og samfunnet er avhengige av denne store private innsatsen!

MEN KVA NÅR hjelparen treng hjelp? Du kjenner heilt sikkert til situasjone­n frå naer familie eller folk rundt deg. NRK hadde 22. februar eit oppslag om eit ektepar i Stad kommune, der mannen er dement. Kona seier der ho gjerne skulle hatt meir hjelp. Somme kommunar er flinke å gje avlasting, andre vil gjerne, men får det ikkje heilt til. Og etter kvart som hjelparen blir eldre, eller den som treng hjelp blir sjukare, så vert behovet for avlasting sterkare.

Dette er ei viktig sak å løyse, både for den enkelte og for fellesskap­et: Fordi den som gir hjelp må fungere og ikkje bli sjuk sjølv. Fordi den sjuke må få det tilsynet og hjelpa han/ho treng. Og fordi samfunnet sine ressursar må nyttast mest mogeleg effektivt. Ressursar her er like mykje folk og avlastings­plassar, som pengar.

KRF VESTLAND FORESLÅR ny politikk for å sikre pårørande tryggleik for avlasting når dei treng det. Vi vil at fastlegen skal ha same rett til å pålegge avlasting, betalt av det offentlege, som han har når han sjukmelder ein yrkesaktiv. Slik kan behovet til den pårørande vurderast ut frå den enkelte si helse, heimesitua­sjon og totalitete­n i situasjone­n. For kommunen, som må gje avlastinga, skal det følgje med pengar frå staten/folketrygd­a.

Også no har fastlegen ei rolle med å kunne vurdere kor mykje avlasting ein pårørande har. Men kommunen er ikkje nøydd til å følgje det. Det må dei etter vårt forslag, på same måte som ein arbeidsgje­var ikkje kan protestere dersom arbeidstak­aren blir sjukmeldt.

DERSOM DEN PÅRØRANDE er yrkesaktiv, kan han bli sjukmeldt og slik få påkravd avlasting. Men den retten gjeld altså ikkje for eldre eller for dei som allereie har teke ut permisjon for å hjelpe.

KrF meiner forslaget vårt vil gjere det enklare for pårørande å ta på seg, og stå i, omsorgsarb­eid i heimen. Vi trur det vil vere saerleg viktig for den store gruppa med eldre, der til dømes den eine i eit parforhold treng hjelp.

Det vil truleg auke livskvalit­eten hos både den som får og gir hjelp. Og vi meiner også at avlastings­reforma totalt sett vil vere ei ordning fellesskap­et tener på.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway