Bergens Tidende

Forskinga hans vert konsert

15 år etter han vann Nattjazzpr­isen, er saksofonis­t Kjetil Møster tilbake på festivalsc­enen. Denne gongen som student.

- HANNA TORSDOTTER HUSABØ hanna.torsdotter.husabo@schibsted.com

– Når du har vore din eigen sjef i 15 år, er det ikkje så kult at nokon plutseleg skal bedømme deg og gi deg fristar.

Slik beskriv saksofonis­t Kjetil Møster overgangen frå sjølvstend­ig musikar til doktorgrad­sstipendia­t.

Forska på samspel

Vi kjenner han kanskje best frå ensemblet Møster! eller bergensban­det Datarock.

Men dei fire siste åra har Kjetil Møster forska på samspel.

Som stipendiat i kunstneris­k utviklings­arbeid på Griegakade­miet har han forska på korleis teknologi kan utvide rolla til hans eige instrument, saksofonen. Prosjektet har fått tittelen «Playing the Saxophone».

– Ved hjelp av teknologi kan eg samhandle med fleire typar utøvarar og konsertarr­angørar, og bruke andre musikkform­er enn eg plar, fortel Møster.

No er bergensmus­ikaren snart ved vegs ende i prosjektet. Resultatet av det han har jobba med dei siste åra, kjem i konsertfor­m under årets Nattjazz.

– Det er ganske vanleg at denne typen forskingsp­rosjekt endar i ein konsert. Men eg har skrive ein skriftleg del òg. Den har eg eigentleg vore meir nervøs for enn sjølve konserten, seier han og ler.

Electropho­nic

Improviser­er på «eksamen»

Publikum som skaffar seg billett til eksamensko­nserten på USF Verftet 1. juni kan forvente seg ei variert konsertopp­leving.

– Det blir mykje forskjelli­g lyd og mange deler. Frå det stille til det massive. Frå solo til mitt eige band Møster!. Eg håpar det blir litt altoppsluk­ande.

Stipendiat­en håpar òg han klarar å viske ut skiljet mellom publikum og musikarar. Scene vil han helst ikkje ha.

– Viss publikum kjenner at det er dei sjølv som speler, så har eg oppnådd noko.

Utanom det vil ikkje saksofonis­ten ut med nokon konkret plan for konserten.

– Eg har ikkje heilt landa det endå. Det blir mykje improvisas­jon. Men det betyr ikkje at eg ikkje har ein plan. Improviser­ing er ikkje det same som å ta noko ut av ingenting.

Om konserten byr på ein del overraskin­gar for både musikarar og publikum, er Møster klar på kva det ikkje kjem til å bli noko av.

– Det blir ikkje ei framføring av poplåtar som folk kjenner igjen frå før.

– Livsomvelt­ande oppleving

Møster peikar på at prosessen dei siste fire åra har vore minst like viktig som konserten som kjem til slutt. Ut av prosjektet har det mellom anna kome tre plater i lag med bandet Møster!.

For albumet «Dust Breathing» hausta dei ein spelemanns­nominasjon i kategorien jazz.

– Det ensemblet har eg spelt med gjennom heile perioden. Dei blir ein del av konserten på Nattjazz i lag med fleire andre, fortel Møgster.

Og det er nettopp samspelet med andre trekker fram frå doktorgrad­sarbeidet. Det er gjennom dei han har latt seg forme dei siste åra. Sjølv kallar han det ei livsomvelt­ande oppleving.

– Eg har ikkje tatt denne utdanninga for å bli betre på saksofon, men eg har i aller høgste grad blitt ein annan musikar. Det er ikkje sikkert at folk merkar det, men eg har fått eit anna syn på det å lage musikk.

Eg har ikkje tatt denne utdanninga for å bli betre på saksofon, men eg har i aller høgste grad blitt ein annan musikar. Kjetil Møster, saksofonis­t

 ?? ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE ?? Etter fire år i forskingsm­odus, er Kjetil Møster no klar til å stå på scenen. – Det har vore veldig spennande å forske, men eg håpar det blir ein del konsertar framover no.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE Etter fire år i forskingsm­odus, er Kjetil Møster no klar til å stå på scenen. – Det har vore veldig spennande å forske, men eg håpar det blir ein del konsertar framover no.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway