Bergens Tidende

Får endeleg øve saman igjen

Dei har ikkje sett kvarandre på eit halvt år. No rekk dei akkurat å få friska opp «Ja, vi elsker».

- HANNA TORSDOTTER HUSABØ hanna.torsdotter.husabo@schibsted.com foto TOR HØVIK

Samtidig som barn og unge vart sendt utandørs for å øve, fekk vaksne i Bergen endeleg møtast igjen etter over fem månader med forbod.

– For mange av oss er det den kjekkaste hobbyen vi har. Det er veldig kjekt å få drive med han igjen etter nesten eit halvt år utan.

Det seier Didrik Nygaard i Skjold Nesttun janitsjar.

– Eg vart overraska

Nygaard troppa spent opp på første øving. For korleis kjem det til å høyrest ut når 30 personar som knapt har tatt i eit instrument sidan før jul, skal spele igjen? Og attpåtil i same rom?

Resultatet overraska styreleiar­en.

– Det var faktisk overraskan­de god klang. Vi var mange som vart overraska. Korpset vårt er vanlegvis kjend for god klang. At vi har klart å ta vare på han i ein så lang periode utan øving, er kjekt å høyre.

Ein faktor kan likevel ha påverka resultatet positivt, innrømmer Nygaard.

– At vi var berre 30 og ikkje 50 personar som vi plar. Jo fleire musikantar, desto meir skal klaffe. Så litt heldige kan vi ha vore, seier han og ler.

Korpskondi­s

Sjølv om korpset no har jobba seg opp i marsjhøgd i tide til 17. mai, vert det lite marsjering på nasjonalda­gen.

– Vi skal stort sett stå i ro og spele i år. Elles hadde det vore behov for ei oppfriskin­g. Å spele og gå samtidig er ei eiga øvingsgrei­n.

Sjølv spelar han slagverk, og er ikkje så nervøs for at forma ikkje skal halde på den store dagen. Men for korpskolle­gaene som speler blåseinstr­ument, er det noko anna. Å gå frå ikkje å spele til å plutseleg øve tre timar i strekk, er ikkje berre, berre.

– For dei som brukar tunga og leppene aktivt i spelinga er det tungt å kome i gang. Vi har måtta starte forsiktig.

Det var faktisk overraskan­de god klang. Didrik Nygaard i Skjold Nesttun janitsjar

Ikkje uroa for 17. mai

Både korpsinter­esserte og andre heldt pusten då det naerma seg mai og korps framleis ikkje fekk lov å øve i lag. Mange var uroa for at 17. mai måtte gå av stabelen utan korpsmusik­k. Sjølv var ikkje Nygaard like uroleg.

– 17. mai-programmet er noko vi kan. Vi er eit førstedivi­sjonskorps, så det held med to-tre øvingar i forkant.

Ein nasjonalda­g utan korpsmusik­k, veit han ikkje korleis hadde blitt.

– Det hadde vore spennande. Vi trudde jo ikkje vi fekk spele i fjor heller, men vi er villige til å strekke oss langt for å få det til.

– Hadde de spelt i år viss de ikkje fekk øvd i forkant?

– Det hadde ikkje vorte same klangen. Men kan hende stemninga og gjensynsgl­eda hadde vege opp for det.

 ??  ?? – Å ha ei øving i 2021 er ganske annleis enn i 2019, innrømmer Didrik Nygaard. Dei må vaske, sprite og måle opp tilstrekke­leg avstand. I pausen får dei ikkje snakke i lag på tvers av dei tre kohortane.
– Å ha ei øving i 2021 er ganske annleis enn i 2019, innrømmer Didrik Nygaard. Dei må vaske, sprite og måle opp tilstrekke­leg avstand. I pausen får dei ikkje snakke i lag på tvers av dei tre kohortane.
 ??  ?? Didrik Nygaard speler slagverk og er styreleiar i Skjold Nesttun janitsjar. No får han og korpskolle­gaene endeleg øve i lag igjen. – Men vi må sitje i kohortar på ti personar og langt frå kvarandre. Det er spesielt, men kjekt å møtast igjen.
Didrik Nygaard speler slagverk og er styreleiar i Skjold Nesttun janitsjar. No får han og korpskolle­gaene endeleg øve i lag igjen. – Men vi må sitje i kohortar på ti personar og langt frå kvarandre. Det er spesielt, men kjekt å møtast igjen.
 ??  ?? – Klangen var overraskan­de god allereie på første øving. No håpar vi på å få spelt eit par konsertar i løpet av våren, seier Nygaard. Her øver frå v. Jan Martin Christians­en og Henrik Frostad Oftedal i Fana kulturhus.
– Klangen var overraskan­de god allereie på første øving. No håpar vi på å få spelt eit par konsertar i løpet av våren, seier Nygaard. Her øver frå v. Jan Martin Christians­en og Henrik Frostad Oftedal i Fana kulturhus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway