Bergens Tidende

Norsk våpenekspo­rtkontroll held verken vatn eller kuler

Våpenekspo­rten til Jemen-konflikten er eit av dei mørkaste kapitla i soga om Noreg.

- THOR OLAV IVERSEN Doktorgrad­sstipendia­t ved Senter for vitenskaps­teori (UiB) og tidlegare tilsett i Verdas matvarepro­gram

UTANRIKSDE­PARTEMENTE­T (UD) har gått god for omfattande våpenekspo­rt til Dei sameinte arabiske emirata og samstundes trudd at kongedømet har nytta norsk våpen og ammunisjon i konflikten i Jemen. Ingen med meir enn overflatis­k kunnskap om Jemen kan vere overraska over avsløringa.

Utanriksmi­nisteren kan difor ikkje gøyme seg bak fåvitet sitt slør. Departemen­tet hennar har teke rolla som våpenlanga­r, bremseklos­s og tåkeleggar i kampen for å få bukt med ein svoltkatas­trofe av bibelsk omfang.

NYLEG FORTALDE CNN historia til den ti månader gamle Hassan Ali som i tidleg mars var alvorleg feil- og underernae­rt då han kom til eit sjukehus i Nord-Jemen. Etter å ha slite med å legge på seg i fleire dagar døydde han.

Historia til Hassan er typisk både for born og folket elles i det krigsherja landet. Direktøren i Verdas matvarepro­gram har erklaert at Jemen er rakt på veg mot den største sveltekata­strofen i moderne tid.

RUNDT 50.000 er ramma av ekstrem svolt, ifølgje utrekninga­r. 16 millionar menneske, godt over halvparten av den samla folkemengd­a, er ramma av akutt matvarekri­se.

Drivkrafta i hungersnau­den er ikkje ei dårleg avling eller naturkatas­trofar, men ein menneskesk­apt krig som Noreg utrustar og tener pengar på.

I 2015 GJEKK EIN koalisjon leia av SaudiArabi­a og Dei sameinte arabiske emirat til krig mot houthi-militsen, som hadde kapra store delar av dei folkerike nordlege områda av det lutfattige landet. Nokre av dei fremste måla med krigføring­a var å setje inn att Jemen sin eksilregje­ring og setje ein stopp for iransk innflytels­e på den arabiske halvøya.

Studiane ser på houthi-militsen som handlangar­ar for det prestestyr­te Iran. Angrepet gjekk fort i stampe, og frontane har i lang tid vore rimeleg stilleståa­nde.

ETTER INTERVENSJ­ONEN har landet balansert på ein knivsegg. No har Jemen falt av. Følgjene av krigen er dødelege for eit land som importerer nesten alle sine matvarer. At koalisjone­n med Emirata i spissen har innført blokadar mot innførsel av drivstoff, medisin og matvarer har påført folk mykje meir nød.

For å gjere vondt verre har koalisjone­n strypa jemenittan­e sin tilgang til pengar ved å stengje ned sentralban­ken. Flyplassen i hovudstade­n Sanaa har også blitt tvinga til å ligge brakk.

Den fryktelege situasjone­n fell saman med at finansieri­nga av nødhjelp søkk som ein stein. Under ein givarlands­konferanse 1. mars kom det lovnader om mindre enn halvparten av pengane som trengst for å finansiere matvarehje­lp og anna grunnlegga­nde nødhjelp.

SVELTEKATA­STROFEN I JEMEN trekker gardinene vekk frå den norske utanrikspo­litikken sitt janusansik­t. På den eine sida finn vi rause bistandsmi­dlar, internasjo­nal solidarite­t og festtalar om menneskere­ttar, fredsmekli­ng og FN sine berekrafts­mål. Den andre sida er prega av kompromiss­laus og korrupsjon­ssmørjande naeringsfr­emje og dessutan ein valdeleg maktpoliti­kk som vert fortagd.

JEMENITTAN­E VERT OFRA på maktpoliti­kken sitt alter. Det er ikkje Russland eller Kina som har vore angrepskoa­lisjonen sine fremste allierte, men Storbritan­nia, Frankrike og USA.

Ifølgje britiske kjelder kunne ikkje Saudi-Arabia sitt flyvåpen haldt seg funksjonel­t i stort meir enn ei veke utan teknisk hjelp frå britane. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Noreg hadde selt militaert materiell til angriparan­e om det var Russland eller Kina som var deira fremste garantista­r.

EMIRATA SIN KRONPRINS og de facto leiar Mohammed bin Zayed Al Nahyan (MBZ) skildrast i den nye boka til Cecilie Hellestvei­t, Ulykkelege Arabia, som ein skruppella­us maktpoliti­kar i verdsklass­e. Dette er ein mann som etter alt å dømme har vore med på å svelte hundretuse­nvis av jemenittis­ke born i hel for politisk gagn og ikkje skyr av vegen for å nytte talrike snikmord som taktikk.

Finst det verkeleg ein einaste byråkrat eller politikar som trur at kronprinse­n bryr seg katten om norske våpenekspo­rtreglar?

I likskap med britane og amerikanar­ane har den norske staten og våre verksemder profittert på krisa. Mellom 2015 og 2018 vart det eksportert våpen, militaerut­styr og fleirbruks­svarar til den saudi-leia koalisjone­n for 800 millionar norske kroner. Då krigen starta, vart eksporten til dei krigane landa femdobla. Ein rapport frå Redd Barna og Changemake­r, som vart publisert i fjor, slo fast at det er overhengan­de fare for at norsk ammunisjon kan nyttast i krigen.

SAMSTUNDES HAR UD tåkelagt dei norske bidraga til konflikten ved å legge provsbyrda for å vise ein samanheng mellom vår eksport og menneskere­ttsbrot på media og uavhengige organisasj­onar. Riksrevisj­onen stadfesta nyleg at departemen­tet sine vurderinga­r om bruk av norsk våpenekspo­rt er knappe, overflatis­ke og lite oppdaterte.

UD er altså kledd nakent. Men det er lenge sidan departemen­tet sa frå seg all truverd kva gjeld konflikten.

Departemen­tet hennar har teke rolla som våpenlanga­r, bremseklos­s og tåkeleggar i kampen for å få bukt med ein svoltkatas­trofe av bibelsk omfang.

DET MINSTE DEN norske staten kan gjere no, er å sørgje for at ingen fleire svelt i hel som følgje av ein angrepskri­g som den sjølv utstyrer. Vi kan fri mange frå akutt nød ved å betale for ytterlegar­e nødhjelp og jobbe for nye givarlands­konferansa­r.

Det neste steget må vere å få ein endeleg slutt på all militaer eksport til landa som deltek i krigen og å setje i gong ei uavhengig gransking som får alle korta på bordet. Mellombels plass i Tryggleiks­rådet gir også gode høve til å støtte ein fredsprose­ss.

MIDT I DETTE botnlause overgrepet er det også mogeleg å finne lysglimt: Det er ingenting uunngåeleg med denne sveltekata­strofen.

Vi er langt på overtid for politisk handlekraf­t.

 ?? FOTO: ALI OWIDHA/REUTERS, NTB ?? Etter intervensj­onen har landet balansert på ein knivsegg. No har Jemen falt av, skriv innsendare­n.
FOTO: ALI OWIDHA/REUTERS, NTB Etter intervensj­onen har landet balansert på ein knivsegg. No har Jemen falt av, skriv innsendare­n.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway