Bergens Tidende

Endeleg losnar det for yrkesfaga

At rekordmang­e søkjer yrkesfag er gledeleg, både for elevane og samfunnet.

-

GODT OVER HALVPARTEN av søkjarane til vidaregåan­de opplaering i Vestland fylke har yrkesfag som førsteval. 56 prosent, for å vere nøyaktig. Det er ny rekord, og saers gledeleg. Det mest gledelege er at yrkesfag endeleg er i ferd med å få den statusen dei fortener. Elev Mathias Monsen på Slåtthaug vidaregåan­de seier det slik til BT:

«Tidligere fikk du et negativt stempel om du valgte yrkesfag. Du var på mange måter ikke god nok. Slik er det ikke lenger.»

BÅDE UNGDOMMEN og samfunnet er tente med at yrkesfag blir meir likestilt med akademiske utdanninga­r i status.

Ungdom som vel utdanning etter interesse, har større sjanse for å lykkast, både i utdanninga og yrkeslivet.

For samfunnet er det òg viktig at fleire vel yrkesfag, fordi landet treng mange gode fagarbeida­rar i framtida. Knapt noko land i Europa har faerre som vel yrkesfag i høve til teoretiske fag, altså studieføre­buande.

DET MÅ ENDRAST, viss Noreg skal klare å skaffe nok fagfolk i tiåra framover. Ifølgje regjeringa vil Noreg mangle 90.000 fagarbeida­rar om få år.

Regjeringa har derfor lenge jobba for å auke statusen og interessa for yrkesfag. Når det no slår til, bør dei kaste seg rundt og fjerne alle hinder.

Vestland fylke har ikkje har plass til alle som no har yrkesfag som førsteval. Ved inntaket manglar dei 300 skuleplass­ar. Spesielt ille er det i bergensreg­ionen.

FYLKESKOMM­UNEN må i første omgang finne plass til desse innanfor dagens budsjett. Trengst det overføring­ar frå staten, bør regjeringa vere på tilbodssid­a. Å sikre ungdommen skikkeleg utdanning, helst i naerleiken av heimstaden, er ei svaert god investerin­g i framtida.

Den store interessa er òg eit varsku til naeringsli­vet og offentlege føretak, som må gje elevane laereplass. Mange føretak ser på laereplass­ar som ein kostnad, framfor ei investerin­g i framtida.

Å sikre ungdommen skikkeleg utdanning, helst i naerleiken av heimstaden, er ei svaert god investerin­g i framtida.

Skal dei ha arbeidskra­ft i framtida, må den haldninga endrast. Mange har redda seg med import av fagarbeida­rar frå EU. Men kampen om fagarbeida­rar i Europa vil bli langt hardare i åra framover.

Då må Noreg utdanne sine eigne fagfolk. At det gjev tusenvis av ungdommar ein jobb dei likar, er ein svaert solid bonus.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway