Bergens Tidende

Fotballfor­bundet er blitt eit problem for fotballen

Fotballtop­pane skuldar supportera­ne for korrupsjon. Det er ei sklitaklin­g i halshøgde.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

DET PÅGÅR EIN INTENS kamp om fotball-VM i Qatar. Samtidig som landslaget prøver å kvalifiser­e seg sportsleg, er det politiske spelet om meisterska­pen endå meir spanande.

20. juni skal fotballtin­get avgjere om Noreg skal boikotte meisterska­pen i Qatar.

Dei som vil boikotte – meg inkludert – ønskjer at fotballen skal ta avstand frå korrupsjon­en og slaveriet som har gjort Qatar-VM mogeleg.

Fotballpre­sident Terje Svendsen nøyer seg med å kalle meisterska­pen ein vanskeleg balansegan­g.

FOTBALLEN ER EIT VAKKERT samfunn og ein nydeleg idrett. I Noreg er det om lag 1750 medlemssty­rte klubbar som utgjer idrettsdem­okratiet.

Heile denne ideen er under press frå blant anna Qatar-VM. Sjølv om landslaget trykte opp nokre lett kritiske t-skjorter til kvalik-kampen mot Gibraltar, stiller Noregs Fotballfor­bund (NFF) til kamp på Qatars side.

NFF har nemleg ikkje tenkt å la VMfesten gleppe utan kamp. Denne veka skrudde dei konflikten opp fleire hakk. Idrettsdem­okratiet kan bli taparen.

Først sa forbundet at dei vil samle fotballtin­get fysisk. Så skulda dei motstandar­ane sine for korrupsjon.

Begge deler viser kor blind forbundet er blitt.

DET ER UKLOKT å samle folk frå heile landet under ein pandemi, spesielt sidan det kan gjerast minst like godt digitalt. Dei politiske landsmøta har denne våren vist at det går an å spikre stortingsv­alprogram og velje nye partileiar­ar utan smittefare.

Pandemien er ikkje berre smittefare. Viruset har òg gitt Fotball-Noreg store økonomiske utfordring­ar. Fotballtin­get skal berre ta stilling til boikotten og ei samanslåin­g av 2. divisjon for kvinner.

Då er det lett å forstå at klubbar som Øygarden blir heime, sjølv om dei er for å boikotte Qatar-VM.

Det er her skuldinga om korrupsjon kjem inn. Skuldinga blir nemleg retta mot supportera­ne, og ikkje pampane i Fifa.

NORSK SUPPORTERA­LLIANSE (NSA) har nemleg lansert «bredderepr­esentanten­e», der dei tilbyr klubbar som Øygarden ein midlertidi­g medlem frå Oslo-området som kan represente­re klubbens syn på fotballtin­get.

Til å gå så hardt ut som å kalle det for korrupsjon, kan ikkje forbundet stoppe initiative­t. Det er nemleg heilt i tråd med vedtektene til idretten.

Som generalsek­retaer i NFF Pål Bjerketved­t seier til NRK: «Det her er ein del av demokratie­t, men demokratie­t er ikkje meint til å fungere på den her måten.»

Vel. Det er kanskje demokratif­orståinga til NFF det skortar på då.

FYSISK OPPMØTE er i seg sjølv – i dagens situasjon – ein manipulasj­on av idrettsdem­okratiet.

NSA-tiltaket sikrar breiddeklu­bbane ein representa­sjon NFF jobbar aktivt for å minimere. Det minner om Donald Trumps åtak på poststemme­ne under fjorårets presidentv­al.

EIT AV DEI MEST OPPBRUKTE argumenta mot boikott av Qatar-VM, er at ein ikkje skal blande saman fotball og politikk.

Då ser ein lett vekk frå at idrettstop­pane sausar saman politikk og fotball rett som det er. Det er ikkje rein idrettsgle­de som gjer at det mange autoritaer­e statar kjempar om å arrangere fotball-VM og OL.

TIDLEGARE I ÅR kom det ein rapport som viste at minst 6500 gjestearbe­idarar har døydd på jobb sidan Qatar fekk tildelt VM i 2010.

Det beste forsvaret VM-forkjempar­ane kom opp med, var at VM-anlegga ikkje stod for så veldig mange av desse direkte. Med det forsvaret ville ein ikkje kvalifiser­t seg til ein krinsmeist­erskap eingong.

I Qatar betyr liva til desse arbeidsinn­vandrarane så utruleg lite. Noreg bør ikkje delta på denne festen, og tråkke på desse tapte liva med fotballsko.

QATAR VIL BRUKE meisterska­pen til å vise seg fram frå si beste side. Det er «sportsvask­ing».

Fotballen og VM-arrangemen­tet vert utnytta i landets PR-kampanje for å endre omverdas syn på Qatar. Landet skal gå frå grove brot på menneskere­ttane til fotballfes­t.

DERFOR ER DET IKKJE nøytralt å sende landslaget til Qatar. Dei blir statistar i Qatars skodespel.

Fotballen har latt seg sjølv bli eit perfekt offer. Idrettslei­arar og supportera­r har i altfor lang tid godtatt at idretten vert utnytta, i byte mot stadig meir pengar.

Men det er ei gryande erkjenning om at det ikkje er nøytralt å halde kjeft om menneskere­ttsbrot. Det er eit aktivt val å spele fotball på ein gravplass – eller å la vere.

DET MINSTE FOTBALLFOR­BUNDET kan gjere, er å legge til rette for at flest mogeleg fotballklu­bbar får delta på tinget. Men då må fotballtop­pane tore å tape.

Vågar dei ikkje det, er NFF blitt eit problem for norsk fotball.

NSA-tiltaket sikrar breiddeklu­bbane ein representa­sjon NFF jobbar aktivt for å minimere. Det minner om Donald Trumps åtak på poststemme­ne under fjorårets presidentv­al.

 ?? ARKIVFOTO: VIDAR RUUD / NTB ?? Fotballfor­bundet vil arrangere eit fysisk fotballtin­g for å avgjere kampen om boikott av Qatar-VM. Her er fotballpre­sident Terje Svendsen på fotballtin­get i 2017.
ARKIVFOTO: VIDAR RUUD / NTB Fotballfor­bundet vil arrangere eit fysisk fotballtin­g for å avgjere kampen om boikott av Qatar-VM. Her er fotballpre­sident Terje Svendsen på fotballtin­get i 2017.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway