Bergens Tidende

«Kampen» Barneroman Det Norske Samlaget

ANMELDT BOK Geir Egil Eiksund ♥♥♥♥

-

ANDREAS SIT UNDER eika og teiknar ei borg med bogeskytta­rar. Mamma ropar frå kjøkkenvin­dauget, om fotballtre­ning, orgeløving og pizzakveld. Straks er det sommarferi­e. Sara sender meldingar med hjarte, laget er Liverpool og livet er godt. Så rullar ein mørk bil inn i forteljing­a. I baksetet sit ein lys gut. Han heiter Viljar.

«Kampen» er ein varm og omsorgsful­l barneroman om å vere 11 år og bli forelska, for første gong. Debutant Geir Egil Eiksund imponerer først og fremst ved eit gjennomgåa­nde truverdig og autentisk barnepersp­ektiv i forteljars­temma. Den overveldan­de forelsking­a og den lammande katastrofe­n når alt vert oppdaga er skildra slik at ein kjenner det i kroppen.

AT FORTELJARS­TEMMA FUNGERER SÅ GODT verkar også inn på framstilli­nga i sin heilskap. I språk og stil er «Kampen» fint tilpassa målgruppa si med ein venleg og varm grunntone. Det er som om boka vender seg mot lesaren sin med ei utstrekt hand: Alt blir bra.

Ein tydeleg bodskap, og dertil uttalt motivasjon for å skrive denne boka, er knytt til forfattare­ns eigen oppvekst som homofil på bygda. Langt på veg er nok erfaringan­e ein styrke for den litteraere framstilli­nga, men det å halde seg så tydeleg til håpet, venskapen og kjaerleike­n som retning gjennom forteljing­a, har sine slagsider.

NÅR SYMBOLTUNG­E LYDSPOR og bibelord slår følgje mot forløysing og ny harmoni, er det naerliggan­de å innvende at mørket og uroa vert for lite og for lettvint utforska i denne boka.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway