Bergens Tidende

«Tankespinn­eren» Fantasy-roman Cappelen Damm

ANMELDT BOK Vibeke Koehler ♥♥♥♥

-

ALT STÅR PÅ SPEL, livsveven raknar. Vibeke Koehler etablerer sitt fantasyuni­vers tett opp til klimautfor­dringane vi står overfor i barnebokde­buten.

Historia er spunnen kring ein enkel, men genial idé: Magiske strikkepin­nar. Handarbeid som hekling, strikking og veving viser seg å vere av største, livsviktig­e betydning. Vi får følgje dei tre venene Anna Tvinnung, Amir Hayek og Ylva Traa, som alle er av edel aett i det evige vakthaldet av livsveven.

No ryk trådane i veven. Dei unge i slekta må skrivast inn på Ullenborg for å laere både handarbeid og magi.

HER MØTER DEI LAERARANE Kanutta Knuting og herr Traa Scnell, mellom fleire. På timeplanen står fag som ullologi, ullkymi, ullosofi og maskemagi. Anna Tvinnung strevar med å laere seg å strikke, men det ventar større oppgåver for heltinna i historia. Til mormor og morfar sin stoffbutik­k kjem ein skummel kunde med stivt smil. Han vil kjøpe det beste tøyet til ein svaert god pris. Anna blir mistenksam med rette. Snart er ho og venene i haelane på Dirigasjon­en og dei faele SS-fabrikkane der små lam lir under fryktelege forhold i produksjon­en.

Å lese kan liknast med å veve. Ein hentar opp masker frå andre leseopplev­ingar og flettar dei saman med nye trådar frå nye bøker, når ein ser at dei passar med mønsteret. For lesarane i målgruppa til «Tankespinn­eren» er mønsteret framleis enkelt.

Hermine, Ronny og Harry ligg kanskje alt innvovne i brotet. Lesaren kan enkelt plukke opp trådane frå Galtvort og ta maskene med seg vidare.

For min del raknar lesinga under vekta av eit mønster eg til slutt ikkje maktar å følgje. Trådane flokar seg når eg prøver hekle i hop Harry Potter, Alice i Wonderland, norrøne mytar, heksebrenn­ing, voodoo, krigshisto­rie, industrila­ndbruk, klimakrise og eg veit ikkje alt. Neste bok er ein ny sjanse.

DET HADDE GJORT SEG med litt faerre fargar og ein klarare, raud tråd.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway