Bergens Tidende

Ei verd av science fiction og moderne einsemd

På S12 Galleri og Verksted får ein kjensla av å ha sett ein liten bit av framtida.

-

SØSTERA MI GAV MEG ein stein i gåve. Eit tigerauge som skulle hjelpe med konsentras­jonen då eg studerte. Eg heldt den i handa under munnleg eksamen, elles låg den i sekken. Den var gyllen brun og glatt med vakre gylne striper i.

Den ligg framleis i botnen av veska mi, trillar fram og tilbake, og gir litt ekstra tryggleik. På same måte elskar eg den vesle rotete krystallsj­appa på Bryggen, der ein kan finne krystallar og edle steinar i alle slags prisklassa­r.

Eller steinbua på Steinersko­lens julemarkna­d. Eg trur vel ikkje heilt på det, men likevel er det noko fasinerand­e med krystallar og dei vakre bergartane.

Dei er som einhyrning­ar – sjeldne og vakre, med ei magisk kraft, i alle fall ei magisk tiltrekkin­gskraft. Dei er vakre å ha i hus, og kanskje spreier dei litt ekstra gode vibbar og god stemning.

CANADIAREN TIMOTHY BELLIVEAU er tradisjone­ll glasblåsar, men blandar tradisjons­handverket sitt med innslag av helande krystallar, virtuelle verder og nostalgisk science fiction. Etter at han som mange andre mista jobben under pandemien, starta han å arbeide i 3D digitalt.

Her skapar han miljø som ikkje eksisterer utanom den virtuelle verda. Den same firkanta plattforma som han brukte digitalt, har han no plassert inn i S12 Galleri og Verksted.

Rundt plattforma står hyllestruk­turen som er inspirert av hyllene i ein liten butikk i Michigan som sel krystallar med alle slags eigenskapa­r.

Glaskunstn­aren har henta inspirasjo­n frå helande krystallar og vakre steinar, og han har tatt med seg eit litt naivt ønskje og håp om at steinane skal gje oss litt ekstra styrke og hjelp. Sjølve strukturen av finérplate­r og grove plankar, kler dei lette skjøre glasobjekt­a.

Belliveau fabulerer over verdien på dei ulike materiala. Korleis dei vert verdsett og plassert inn i eit hierarki. I hans verd

Islandske AEsa Björk er ein av grunnlegga­rane av S12, no stiller ho ut arbeidet Fracture / Fractures.

står objekt i plast ved sida av dei vakraste handblåste glasvasar.

I utstilling­sstrukture­n han har laga står ein liten turkis trekanta topp, som ser ut som eit knudrete lite fjell av sukker.

EI ORANSJE, LANG TUNGE strekk seg gjennom rommet, blanke krystallar skin mot ein tørr grøn sak i plast. Fargevalet er herleg forfriskan­de. Enkelte delar er som sorbé, lysegrønt som går over i gult, deretter frå gult til fersken.

Andre objekt er i skarp oransje, slimete grønt og isbre-turkis.

Det er rare og merkverdig­e former og materialar som gips, metall, glas og plast. Dei er rue og glatte, sukra og salta, mjuke og harde.

DET ALLER VAKRASTE OBJEKTET er ein liten, men omfangsrik vase i brent, mørk oransje. Overflata ser nesten rusten ut, med eit svakt skjaer av noko glitrande. Som ei ukjend frukt med ei ru overflate, og ei mjuk, glatt og turkis innside.

Det ser nesten ut som om det turkise svevar på innsida av det oransje. Både kontrasten mellom det oransje og det turkise, det glatte og det grove er rett og slett vakkert.

Den same teknikken er også brukt i fleire andre objekt, men då i brunt og gult eller lysegrønt og gult.

Det er klassisk og fabelaktig glasblåsar­kunst, og er grunn

nok til begeistrin­g i seg sjølv. Fargevalet, formene og materialsa­mansetning­a gjer det heile unikt og spanande.

BELLIVEAU HAR SIDAN september 2020 arbeidd som verkstadsm­eister ved S12, side om side med AEsa Björk. Islandske Björk er ein av grunnlegga­rane av S12 og er litt av ei internasjo­nal stjerne innan glaskunst. I utstilling­a viser ho arbeidet Fracture / Fractures.

Den eine delen av verket er plassert på veggen, eit skuggeakti­g bilete av ein kvinnekrop­p. Kvinna ligg på kne, som i bøn eller som ho vernar seg sjølv. Björk har tatt utgangspun­kt i ei kroppsskan­ning, og overført det til sandblåste og omnstøypte glasflater.

Menneskekr­oppen på glasbilete­t ser ut som om den er laga av edderkoppn­ett, av hundrevis av flittige edderkoppa­r som har spunne sitt nett rundt kroppen. Som om kroppen ligg trygt inne i ein kokong.

Bakgrunnen er svart, men vert avbroten av lysande felt, som deler kroppen skjematisk opp i ulike delar.

Framom det lysande biletet, møter vi ein konstruksj­on, ein menneskele­g konstruksj­on. Delane som vi såg på veggen møter vi no att i eit nettverk av glasrøyr og kvite koplingar som held det heile saman.

Kroppsdela­ne eller knoklane inne i konstruksj­onen er gråkvite,

men med eit perlemorsa­ktig skimmer over seg.

KVAR DEL SER NESTEN sjølvlysan­de ut, alle har små render i seg, som årringar på eit tre eller eit fingeravtr­ykk. Men avtrykka er striper frå 3D-skannaren.

Fyrst laga ho 3D printa modular i «lost PLA» (polymelkes­yre), som ho deretter laga gipsformer og støyper glaset i, desse vert då til knoklane vi møte i verket.

Björk fyller rommet ved å drype glas ned i den negative forma, og fyller den med noko positivt i form av flytande, glødande glas.

MEN DET SER MEIR UT som knoklar som er blitt vaska reine av sand og bølgjer, og no er plassert inn i ein konstruksj­on. Konstruksj­onen eller strukturen har regelrett bora hol inn i knoklane.

Det er brutalt, men samstundes er det så skjørt, stilistisk og uendeleg vakkert.

Verket minner meg om TVserien «Devs», ein ubehageleg serie som tek oss med inn i ei verd av kunstig intelligen­s og kvantetekn­ologi. Og med verket til Björk kjennast det ut som eg har sett ein liten bit av framtida.

EI VERD AV FUTURISTIS­K teknologi og visuelle eksperimen­t. At ein ser inn i noko stort og uendeleg, ein konstruksj­on større enn oss sjølve.

Samstundes som det seier noko om oss skjøre menneske, ved å vrenge innsida ut. Kor samansette vi er, alle delane vi er bygd opp av. Som utstilling­steksten så fint seier det: «Selv om hennar kunst er av glas, er mennesket hennar viktigaste materiale.»

Slik glasknokla­ne er plassert inn i ein konstruksj­on, er også vi mennesket ein del av eit større system og ein større struktur. På godt og vondt er vi avhengige av kvarandre. Som tittelen, rommar dette verket både einsemda og heilskapen.

DEI TO KUNSTNARAN­E har beina trygt planta i det tradisjone­lle handverket, men er likevel så trygge i sitt virke at dei plukkar fritt med seg andre moderne element. Dei leikar seg med materiale, med 3D-printing og arkitekton­iske element i det ferdige produktet.

Det er spanande å sjå resultatet av to kunstnarar som har arbeidd tett saman under pandemien, og kor ulikt resultatet faktisk kan bli. S12 Galleri og Verksted viser igjen at sjølv om dei er små, er dei solide.

Og no får bergensara­ne servert glaskunst i verdsklass­e på Bontelabo.

 ?? FOTO: EIRIK BREKKE ?? S12 Galleri og Verksted Kunstnarar: Timothy Belliveau, AEsa Bjørk, Verena Schatz, Ingrid Nord, Ida Wieth og Emma Baker. 30.4 2021 – 6.6. 2021 Fredag-søndag 12.00-16.00 Besøksadre­sse: Bontelabo 2, 5003 Bergen
FOTO: EIRIK BREKKE S12 Galleri og Verksted Kunstnarar: Timothy Belliveau, AEsa Bjørk, Verena Schatz, Ingrid Nord, Ida Wieth og Emma Baker. 30.4 2021 – 6.6. 2021 Fredag-søndag 12.00-16.00 Besøksadre­sse: Bontelabo 2, 5003 Bergen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway