Bergens Tidende

No startar bybaneomka­mpen om Bryggen. Og tunnelfors­laget imponerer ikkje.

KOMMENTAR: Tunnelen gir Bergen rett og slett eit dårlegare kollektivt­ilbod enn den vedtekne traséen.

- Morten Myksvoll Kommentato­r i BT morten.myksvoll@bt.no

DEN ENDELAUSE bybanedeba­tten om Bryggen nærmar seg ein ende. I haust skal nemleg bystyret gjere eit endeleg vedtak om kvar bana skal gå – for andre gong.

I 2016 vedtok bystyrefle­irtalet at bana skulle gå langs Bryggen. Så kom 2019

som endra samansetni­nga av bystyret. Då fekk byrådet i oppdrag å kome opp med eit nytt tunnelalte­rnativ.

Alternativ­et vart presentert for nokre veker tilbake. Det betyr at me endeleg har noko handfast å samanlikne Bryggenalt­ernativet med igjen.

Det er berre eitt problem: Tunnelalte­rnativet er ikkje særleg imponerand­e.

EIT AV KRONARGUME­NTA for ein bybanetunn­el, er at det kan gi kortare reisetid. Slik er det ikkje i dette alternativ­et.

Køyretida frå Torget til Åsane terminal er rekna for å vere litt under 17 minutt for Bryggen-alternativ­et, ifølgje den siste berekninga. Frå Allehelgen­s gate til Åsane Terminal, vil det i tunnelalte­rnativet ta 18 minutt.

EIN AV GRUNNANE til at tunnelalte­rnativa har stor støtte, er at den skånar Bryggen for bybaneskje­ner. Men dersom situasjone­n skal betrast frå i dag – utan at Bybanen skal gå der – må kommunen òg bruke mykje pengar på ein tunnel for å leie vekk tungtrafik­ken som i dag passer området.

Problemet med Bryggen-debatten er at den i altfor stor grad har handla om kvar skjenene skal gå, sjølv om det mest relevante er kvar bybanestop­pa skal vere. Det er stoppa som avgjer kor godt Bybanen dekker sentrum.

Båe alternativ­a har stopp i Byparken. Så skil banene lag.

Bryggen-alternativ­et stoppar på Torget, og blir det næraste stoppet for mange på Nordnes. Det nye tunnelalte­rnativet svingar tilbake gjennom Allehelgen­s gate og får difor eit stopp på kvar side av rådhuset.

Det kan vere ein god idé å ha to stopp som avlastar kvarandre midt i sentrum, men det går på kostnad av å auke passasjerg­runnlaget. Då er det best å ha stopp med litt avstand, slik at fleire får eit stopp i nærleiken.

BRYGGEN-ALTERNATIV­ET stoppar i Sandbrogat­en, medan tunnelalte­rnativet går i fjellet bak Øvregaten. Det underjordi­ske stoppet gjer at det blir lenger å gå for passasjera­ne.

Det gir eit mindre tilgjengel­eg stopp, sidan passasjera­ne må gå eit stykke under bakken før dei faktisk kjem fram til haldeplass­en. Då famnar eit slikt stopp færre folk, men to inngangar – som var nødvendig grunna branntrygg­leik – veg litt opp for det.

Bryggen-alternativ­et vil dekke eit størst område av sentrum. Då vil det òg vere best for passasjera­ne. I tillegg er det fleire andre moment som talar for Bryggen-alternativ­et.

IFØLGJE KOMMUNEN skal det nye tunnelalte­rnativet vere teknisk gjennomfør­bart, men me veit foreløpig lite om kor mykje meir det vil koste eller kor mykje meir tid det vil ta å bygge.

Det er meir komplisert å bygge tunnel enn å legge spor i dagens bilveg langs Bryggen. Sjølve bybanestop­pet under bakken vil ligge i ein 100 meter lang fjellhall.

Difor vil tunnelalte­rnativet truleg vere dyrast. Det slår direkte ut på bompengeri­ngen. Det blir nemleg fort bilistane som må ta rekninga om Bybanen blir endå dyrare.

BRYGGEN-ALTERNATIV­ET vart valt i første omgang, noko som gir den traséen fleire fordelar.

Kommunen meiner òg at det vil ta 1–2 år lenger tid å planlegge eit tunnelalte­rnativ – sidan Bryggen-alternativ­et har blitt planlagt sidan vedtaket i 2016. Slike estimat har det med å sprekke, så tunnel kan ta lang tid.

Kommunen kan òg justere Bryggenalt­ernativet allereie no, som følgje av rapporten om verdsarvko­nsekvensar. Den kom i fjor haust. Ein liknande rapport skal no skrivast om tunnelalte­rnativet, og eventuelle endringar ligg då endå lengre fram i tid.

KONSEKVENS­ANE for kulturarve­n i Brygvalet, gen-området har altfor ofte handla om dei visuelle endringane framfor Bryggen. Men kulturminn­a ligg òg i bakken, og graving og sprenging i og bak Øvregaten kan få store konsekvens­ar for verdiar som helst bør takast vare på.

Men tunnelalte­rnativet råkar fleire synlege kulturverd­iar òg.

Det same må deler av Katedralsk­olen. Dersom skulen skal drivast der den har vore sidan 1500-talet, må det omfattande gjenoppbyg­ging til etter at Bybanen har gått gjennom området.

Fleire bygg i Øvregaten må rivast. Kebabhungr­ige bergensara­r vil nok sakne sitt Nirvana.

DET ER EIGENTLEG fleirtal i bystyret for ein tunnel bak Bryggen, og det vil sjølvsagt påverke debatten. Det vil vere folk på båe sider av debatten som vil nekte å la seg rikke, uavhengig av kva som kjem fram i planleggin­gsarbeidet.

Nokon må gi seg.

Der ligg Bybanens største utfordring, dersom den skal byggast til Åsane.

 ??  ??
 ?? EIRIK BREKKE ?? Her skal Bybanen eingong gå, om ikkje bystyret ombestemme­r seg.
EIRIK BREKKE Her skal Bybanen eingong gå, om ikkje bystyret ombestemme­r seg.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway