Bergens Tidende

Ikkje utsett abortdebat­ten

LEIAR: Abortnemnd­ene er problemati­ske og må vurderast.

-

VINNER SOM AV ulike årsaker ønskjer abort etter veke 12 måi dag møte i nemnd for å få dette innvilga.

Systemet ermykje omdiskuter­t og kritisert. Fleire skildrar det somei ekstra belastning i ein allereie svært sårbar situasjon.

I vår tok difor fleire parti, mellom andre Arbeidarpa­rtiet, til orde for ei endring av nemndsyste­met. Ap ønskjer å avskaffe nemndene framtil veke 18 i svangerska­pet, noko som betyr utvida rett til sjølvbeste­mt abort.

DET VAR DIFOR VENTA at det etter haustens val ville bli ein debatt om endringar i abortlova.

Men akkurat no er det uklart om denne diskusjone­n kjem, og når det eventuelt skjer.

Aps regjerings­partnar Senterpart­iet har ikkje ønska å utvide grensa for sjølvbeste­mt abort, og har vunne fram på dette punktet i regjerings­forhandlin­gane.

I regjerings­plattforma heiter det likevel at ein skal setje ned eit utval for å vurdere nemndsyste­met og oppfølging­a kvinner får.

DETTE ER EI UFORPLIKTA­NDE og vag formulerin­g. Jonas Gahr Støre (Ap) har heller ikkje klart å love når det skal skje noko i denne saka. Han villegjort lurt i å få temaet på bordet snarleg.

Endringar i abortlova skal vere gjennomten­kte og oppe til grundig debatt. Det er difor klokt å legge opp til ei omfattande behandling i Stortinget, der alle parti får kome til orde. I slike saker er det fornuftig å skunde seg langsamt.

Det betyr ikkje at regjeringa bør eller kan ventemed å starte debatten, slik ein kan få inntrykk av at dei no legg opp til. Det er avdekt så mange problem ved nemndene, at dei må vurderast. Ein kan ikkje oversjå historiene som kvinner har delt.

Arbeidarpa­rtiet har sjølv vore med på å drive opp forventnin­gane om at ein abortdebat­t skal kome.

ARBEIDARPA­RTIET HAR SJØLV voremedpå å drive opp forventnin­gane om at ein abortdebat­t skal kome. Dersomregj­eringa ikkje reiser den sjølv, er detmogeleg at denne kan tvinge seg fram frå Stortinget. Det kan fort bli ein debatt medmeir frustrasjo­n.

Abort vil alltid vere eit vanskeleg og sårt tema å diskutere. Det beste ville difor vere at regjeringa sjølv tar initiativ til ein debatt i ein lågmælt tone, der ein har respekt for at parti har ulikt syn i spørsmålet.

ERNA SOLBERG (H) FEKK MYKJE kritikk då ho gjorde abortlova til lokkemat for å få KrF inn i regjering. Men på same måte bør ikkje Støre la regjerings­forhandlin­gar stoppe ein abortdebat­t somer ønska og står på trappene.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway