Bergens Tidende

Ho tok kundeservi­ce til eit nytt nivå

-

SÅ EG RINGDE POSTEN.

«Du er nå nummer 27 i køen». Langt om lenge vart det min tur. «Hei, du snakkar med Susann, kva kan eg hjelpe deg med?» spurde austlandss­temma til ei ung dame.

Eg forklarte ærendet mitt, og Susann var med på det, at det var urettferdi­g at eg skulle betala for det ein ekspeditør hadde gjort feil. Så ho skulle vera grei og sletta fakturaen, ho.

Ho forklarte at når dei ikkje visste kva slags postkontor (rettare sagt «post i butikk») som hadde gjort feilen, sende dei fakturaen til avsendar.

Så lurte eg på verdien for Posten i å senda ut ein faktura på fem kroner når (1) kunden fekk eit uretteleg krav, (2) kunden måtte sitta 20 minutt i kø for å fremja klagen til Posten og ta av arbeidstid­a si, og (3) Susann måtte sitta å bruka tida si på å ta i mot klagen for å sletta ein faktura som uansett ikkje kunden skulle hatt.

Om ho kunne ta det vidare i systemet at kanskje det ikkje var verdt å fakturera ut 5 kroner? hadde sett på fem kroner mindre i frimerke ... kva det ville ha kosta Posten?

Eg prøvde å seie til Susann at det ville neppe skje, for det var jo dei på Posten (i butikk) som bestemte frankering­a, og kunden betalte jo berre det han eller ho fekk opplyst at det kosta. Og det var vel ikkje verdt alt bryet uansett for å innkassera skarve fem kroner?

Då small det frå Susann at Posten fakturerte uansett om det var berre eitt gram over grensa eller betalt inn ei krone for lite. Faktura blei det uansett. Akkurat som politiet gjorde når ein køyrde for fort. Så ville eg verkeleg, spurte Susann meg, at politiet ikkje skulle fakturera viss nokon køyrde 15 kilometer over fartsgrens­a? Eg prøvde meg tappert med nok eit rasjonelt argument: at eitt gram for mykje i posten neppe hadde konsekvens­ar for liv og helse.

“Eg prøvde meg tappert med nok eit rasjonelt argument: at eitt gram for mykje i posten neppe hadde konsekvens­ar for liv og helse.

 ??  LISE ÅSERUD / NTB ?? Kjære Posten: Ver så snill å gje grundig opplæring i kundeservi­ce, skriv innsendare­n.
 LISE ÅSERUD / NTB Kjære Posten: Ver så snill å gje grundig opplæring i kundeservi­ce, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway