Bergens Tidende

Éin pperson står i vegeng for at Høgre går til MDG

- Kommentato­r i BT gerd.tjeldflat@bt.no

HØGRE HAR ENORMT store sjansar til å ta over styringa avBergen etter haustens val. Så store, at spekulasjo­nane i det siste har handla mindre omdei vinn valet ogmeiromkv­en dei skal samarbeide­med når dei vinn.

Meir om desse spekulasjo­nane om litt, men la oss først sjå på dei ulike alternativ­a:

Venstre

Det sikraste kortet. Slik det ser ut no, vil Venstre sitje i byråd nesten uansett kven somblir verande. Frontfigur PerArne Larsen har god tone med dei fleste, kanskje med unntak av Frp.

Frp

Eit parti somhar lege brakk i Bergen på grunn av personkonf­liktar. Med Marte Monstad i spissen har dei byrja å reise seg, men partiet er til dømes rivande ueinige med Venstre om bybane, byutviklin­g og klimapolit­ikk. Kan desse partia sitje i byråd saman?

KrF

Er kjent for å «alltid» veremed på å styre i Bergen. Glade i makt, forhandlin­gsvillige og har ofte dei avgjerande mandata. I dag er partiet, fronta av Joel Ystebø, så lite at dei kanskje ikkje trengst for å få fleirtal. Likevel er sjansen stor for at dei får vere med i eit eventuelt byråd.

MDG

Jokeren! Etter å ha blitt dumpa av Ap i Bergen i fjor, er Thor Haakon Bakke og resten av partiet interesser­te i eit Høgresamar­beid. Fleiremåli­ngar viser fleirtal for Høgre, KrF og Venstre saman med MDG, og opnar for eit byråd utan Frp. Men vilHøgre veremed på dette?

DÅ BT KUNNE presentere ei fersk måling førre veke, møtteme Høgre, KrF ogMDG samstundes. Målinga viste at Høgre ville hatt mangemogel­ege vegar tilmakta, og fotografen ville ta eit bilete av dei tre frontfigur­ane saman.

Men då setteHøgre­s ChristineM­eyer seg på bakbeina.

«Jeg kan stille opp på bilde med Frp og KrF, men MDG står såpass langt fra oss i byutviklin­gen. Da blir det litt vanskelig å bygge bro.»

Meyer vil altså ikkje ein gong avbildast samanmedMD­Gs ThorHaakon Bakke.

BRÅNEKTEN FORTEL at eitHøgre-samarbeid medMDGermy­kje lengre unna enn gode målingar skulle tilseie. For oss politiske journalist­ar verkar det som eit nytt og spennande alternativ, men forHøgre er det berre gambling.

Viss nokon var i tvil: Det handlar ikkje først og fremst ompolitisk­e skilnader på byutviklin­gsfeltet.

Då villeMeyer kvidd seg for å bli sett med Venstre også. Og det gjer ho ikkje.

Skepsisen handlar allermest om Thor Haakon Bakke.

Ikkje fordi høgrefolka på rådhuset ikkje likar han. Men deimeiner han er for hard kost for deira veljarar. Han er for upopulær i dei krinsane.

THOR HAAKON BAKKE bleiMDGs frontfigur i Bergen i 2019-valkampen, og han tok bervist genspoliti­kken med storm. Eit høgdeeller lågpunkt (alt etter korleis du ser det), var då han i det store bompengeva­let tok bilete av seg sjølv somklemte ein bompengest­asjon.

Bompengepa­rtiet og TrymAafløy hadde fått resten av den politiske partiflora­en i Bergen til å kappast om å gi løfter om lågare bompengar. Thor Haakon Bakke gjekk i godMDG-ånd, andre vegen.

DET FUNKA SOM berre juling. MDG gjorde eit brakval og kom inn i byråd. Bakke blei byutviklin­gsbyråd.

Med det fekk han stormerkse­md i tre år, på godt og vondt. Bakke blei frontfigur for stenging av Bryggen, striden om bybanetras­é langsBrygg­en, strandsone­saker og fortetting­spolitikk. Ei rekke konfliktfy­lte saker, somgav Bakke eit rykte somkomprom­isslaus. Kanskjemei­r enn han fortente. MDG-aren har strengt tatt berre fronta ein politikk som eit heilt byråd sto bak.

Ein ganske sannsynleg situasjon etter valet slik det ser ut no, er difor eit mindretals­byråd mellom Høgre, KrF og Venstre som vekslar på å basere seg på støtte frå anten Frp eller MDG.

Historia blei likevel sementert då KrF forlèt byrådet på seinsommar­en i fjor, og mellom anna sa at det handla om ein «rigid og detaljorie­ntert» byutviklin­gspolitikk.

I HØGRE ER OPPLEVINGA at dette ryktet har sett seg hos veljarane deira. Difor erMeyer så redd for å bli sett samanmed Bakke. Ho er redd han er eit stort, raudt flagg.

Meyermåogs­å vere svært varsammed å terge veljarane sinemeir enn ho allereie har gjort.

Eit stort fleirtal av desse ønskjer seg jo framleis bybanetunn­el, nokoMeyer no har sagt atHøgre ikkje vil kjempe for framover.

DERSOMHØGR­E FÅR fleirtalme­d dei borgarlege partia somdei har styrtmed før, er det ingen grunn til å eksperimen­tere.

Det betyr likevel ikkje at MDG vil stå utan innverknad etter valet i haust. Skepsismot andre parti varer først og fremst til valnatta. Deretter handlar alt om kven somkan skrape saman 34mandat – talet somgir fleirtal i Bergen bystyre.

Sjølvomman­gemålingar i det siste har borgarleg fleirtal, er det ikkje gitt at det vil halde til valdagen.

Forholdet mellom Venstre og Frp er også ein ukjent faktor. Det er ikkje gitt at dei to kan sitje i det same byrådet.

EIN GANSKE SANNSYNLEG situasjon etter valet slik det ser ut no, er difor eitmindret­alsbyrådme­llom Høgre, KrF og Venstre somvekslar på å basere seg på støtte frå anten Frp ellerMDG.

MDG kan altså få påverknad, også i eit høgrestyrt byråd.

Men det får du ikkje ChristineM­eyer til å snakkeomen­no.

 ?? ØRJAN DEISZ (ARKIV) ?? I november i fjor blei Thor Haakon Bakke og MDG kasta ut av Ap-byrådet. No er dei opne for samarbeid mot høgre.
ØRJAN DEISZ (ARKIV) I november i fjor blei Thor Haakon Bakke og MDG kasta ut av Ap-byrådet. No er dei opne for samarbeid mot høgre.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway