Bergens Tidende

Matilde (17) har hatt sin aller første eksamen

Nokre har pugga som galne, andre har tatt det med knusande ro.

- Rose Øvretveit rakel.rose.ovretveit@bt.no Rune Sævig (foto) Rune.Saevig@bt.no

– Det er ganske frigjerand­e. Tolv år med matte, og no er eg endeleg heilt ferdig, fortel Matilde Grønneland.

17-åringen står utanfor Årstad vidaregåan­de skule og har nett levert eksamen i P-matte.

I tillegg til å lese heile langhelga og søndag kveld, tok ho ein ekstra kikk i boka måndag morgon.

– Eg var ganske stressa då eg kom inn til eksamen, men etter kvart fann eg roa. Eg trur det gjekk greitt.

No er ho ferdig med sin aller første eksamen i livet.

– Eg har ikkje vore så mykje i sola i det siste.

Teknisk feil ramma titusenvis

For Grønneland gjekk det meste etter planen, men slik har det ikkje vore for alle. Måndag fekk elevar over heile landet ein trøblete start på eksamen i norsk hovudmål.

Ein av dei var Erik-Sebastian Reuss Haaland (19), som òg er elev på Årstad.

– Vi sat berre i fullstendi­g stille i ein time. Av og til høyrde eg eit host. Elles var det heilt knyst, fortel Haaland.

Tysdag har Haaland hatt sin andre eksamen, i P-matte. Det har ikkje stressa han så veldig.

– Eg trur det gjekk forferdele­g dårleg, men eg er nøgd så lenge eg står, seier 19-åringen.

Venninna Malena Aass (18) fortel at det var skummelt å ha eksamen for første gong.

– Eg var litt redd. Du veit ikkje kva du går til.

– Stressar for mykje

Ho hadde førebudd seg ved å sjå gjennom læreboka, men har ikkje pugga frå soloppgang til solnedgang.

– Eg synest det er mange på vår alder som stressar litt for mykje. Eg var perfeksjon­ist før, men no har eg lært meg å ta det litt meir med ro.

Dette er det vi veit om eksamenspr­oblema denne veka:

1. Kva gjekk gale?

Då elevane skulle logge seg på for å ta eksamen 09.00 måndag morgon var det mange som ikkje fekk logga seg inn.

Etter omtrent ein time var feilen retta, og eksamen gjekk då som vanleg. Elevane som måtte vente, fekk lagt til ekstra tid å gjennomfør­e på.

2. Kor mange blei ramma?

Ifølgje VG var det rundt 70.000 elevar som skulle ta eksamen denne dagen. Berre 16.000 fekk logga seg på klokka 09.00.

3. Kva konsekvens­ar får det?

I Møre og Romsdal gjorde lokale problem med nettverket til at eksamen ikkje kunne gjennomfør­ast. Deira eksamen blei avlyst, og dei får dispensasj­on for dette på vitnemålet. I Viken har 397 elevar søkt om det same.

I Vestland har førebels ingen søkt om annullerin­g av måndagens eksamen.

4. Korleis blir dei andre eksamenane gjennomfør­t?

Feilen skal vere retta, og resten av eksamenane går som planlagt.

Tidlegare har Utdannings­direktorat­et sagt at dei ikkje vil skrive ut papirkopia­r av eksamen som ei naudløysin­g.

I ei utgreiing til Kunnskapsd­epartement­et onsdag skreiv dei at dei no opnar for at skulane kan skrive ut papirkopia­r til å ha i bakhand.

No er eg endeleg heilt ferdig. Matilde Grønneland (17), skoleelev

 ?? ?? Erik-Sebastian Reuss Haaland (19) har hatt eksamen før, men Malena Aass (18) fekk testa seg for første gong.
Erik-Sebastian Reuss Haaland (19) har hatt eksamen før, men Malena Aass (18) fekk testa seg for første gong.
 ?? ?? Matilde Grønneland (17) er glad for å vere ferdig med skulematte­n for godt.
Matilde Grønneland (17) er glad for å vere ferdig med skulematte­n for godt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway