Bergens Tidende

Dette meiner dei bør gjerast for å unngå fyllebråk på 17. mai

Ønskjer tilbod for dei mindreårig­e på ettermidda­gen.

- Rose Øvretveit rakel.rose.ovretveit@bt.no Tor Høvik (foto) tor.hovik@bt.no

– Dei fleste på vår alder tenker at på 17. mai er det greitt å skeie heilt ut.

Det seier sytten år gamle Viljar Fonneland Jørgensen.

Etter nasjonalda­gen var det mange som reagerte på ekstreme mengder fyllebråk, og fulle, unge menneske i bybiletet, midt på lyse dagen. BT har møtt fire ungdommar på Amalie Skram videregåen­de skole, for å høyre kva dei tenker.

Burde vere greitt å drikke

– Eg synest ein burde klare å kombinere både fest og feiring av nasjonalda­gen på ein god måte, seier Ada Amalie Skjensvold (19).

Ho trur ikkje løysinga på problemet er å vente med å opne tappekrane­ne, slik nokre har foreslått.

– På 17. mai er det dagsfylla som gjeld, det er ein del av kulturen. Om ein ikkje kan kjøpe øl ute kjem folk til å kjøpe på førehand uansett.

– Men det er trist om vi gjer nasjonalda­gen til noko negativt, seier Jørgensen.

Hovudprobl­emet er dei mindreårig­e som drikk, meiner Skjensvold.

– Dei veit ofte ikkje korleis dei skal ta vare på vennane sine viss dei skeier ut. Dessutan tør dei kanskje ikkje å ringe til foreldra sine.

Ho trur dei fleste på hennar alder tar ansvar viss nokon blir overstadig rusa.

– For naive

Fleire vaksne har vore ute i både sosiale medium og i media og uttrykt skuffelse og sjokk over tilstandan­e i sentrum på ettermidda­gen.

Samstundes meldte politiet at dei hadde problem med å få foreldre til å kome og hente ungane sine på nasjonalda­gen.

Politiover­betjent Ole Bjørn Sveen har tidlegare sagt til BT at dei aldri før har sett så mange unge, rusa menneske i sentrumskj­ernen.

Alkohol og narkotika

– Fyllet byrja ved 16-tida, og politiet registrert­e for det meste unge gutar i alderen 15–20 år. Nokre var rusa på alkohol, andre på narkotika eller begge deler, sa Sveen då.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway