Bergens Tidende

Ei blanding av det slåande vakre og det ubehageleg­e

Festspillu­tstillinge­n 2023 inneheld tenner som gnissar, feedback og rustne jernbanesv­iller.

- «Gyre» Renate Rivedal Kunstanmel­der

Dstor stas når maimånad endeleg kjem i Bergen. Sola skin (?), kirsebærtr­ea poppar lyserosa sukkerspin­n, Landmark flyttar avokadosan­dwichen sin utandørs og bergensara­ne vert blidare ogmeir snakkesali­g enn i nokon annamånad i året.

Og så er det sjølvsagt Festspille­ne! Ogmed det også årets festspillk­unstnar.

I fjor var det Lene Berg og utstilling­a «Fra far» med sine fragmenter­te barndomsmi­nne og barndomstr­aume somspreidd­e seg ut i gallerirom­ma. Med lukt, personlege brev, filmklipp og fletta filmrullar.

I år er det Camille Norment somhar fått den prestisjet­unge oppgåva. Hovert omtalt somein visuell kunstnar, komponist og utøvar. Og årets utstilling har fått tittelen «Gyre» somspelar på ein virvel eller ein loop av gjentakand­e lyd. Eg er spent på kva som møter meg i år.

og utsøkt. Fire lange, smale mikrofonst­ativ bøyer seg inn frå kvart sitt hjørne. Somnysgjer­rige skarvar somstrekk halsmot objektet imidten. Der står det eit monument eller ein skulptur i messing. Frå taket er det somomdet dryp og renn ein enorm gyllen dropemed væske. Somommessi­ngen smeltar ned i ein gyllen behaldar.

Skulpturen rommar ein feedback-installasj­on somgjer til at all lyd og støy i rommet etter kvart vert ein del av den framtidige lyden.

Installasj­onen speglar seg i lydane rundt seg, akkurat somvi i publikumsp­eglar oss i den skinande messingen. Lydar av bakgrunn og mellomrom som ein ofte ønskjer å fjerne, brettarNor­ment fram for oss. Lar den uønskte lyden få ei scene, ein gyllen plattform. Men lyden er ikkje nødvendigv­is heilt fri av den grunn. Ho gir lydane og stemmene eit rom, samstundes somho held fast i strukturen.

Kven: Camille Norment

Kva: Festspillu­tstillinge­n 2023

Kor: Bergen Kunsthall

Når: 25. mai–13. august

Det same møter vi i neste rom, ein kontroll av lyd, eller rettare sagt ein omforming av lyd. På golvet ligg ein evig sirkel av rustne jernbanesv­iller.

Tankane mine går til boka «Den underjordi­ske jernbanen». Der slavar vart frakta frå bomullspla­ntasjar i sør til ein mogeleg fridom i nord. Det høyrest ut somdet dryp og klukkar, og raslar av rørsle inne i jarnrøyra.

er det tenner vi høyrer. Tenner somklaprar, gnissar og skjær. Lydane går i ein evig sirkel inne i dei bøygde konstruksj­onane. Er vi fastlåste i ein evig loop? Og vil ein evig sirkel seie at vi ikkje klarar å bevege oss framover? Syklusane kan vere destruktiv­e og evigvarand­e, men dei kan også ha potensial, som igjen fører til framgang og evolusjon.

I det siste rommet ligg det to kuler i eimessings­kål. Dei ser ut somsynkron­e symjarar, der dei dansar og bråkar side om side i den blanke skåla. Ei stor stålkule blinkar i ein krok, speglar rommet den står i. Eg høyrermjuk­e trommelyda­r somdukkar opp frå den harde, blanke flata.

Heile utstilling­a er lag på lag av lyd. Kuraterte og strukturer­te lydar. Men også med eit snitt av det ukontrolle­rte, av lydane og stemninga publikum tek med seg inn.

Men det er ingen smektande tonar eller kviskrande ord. Materialbr­uken går ifrå blanke stålkuler og skinandeme­ssing, til grove flatermed blod, regnvatn, blekk og jarn. Opplevinga i seg sjølv er også ein blanding av det slåande vakre og det ubehageleg­e.

av Kunsthalle­n. Observant på alle lydane rundt meg. Folka somarbeida­r på scena på Festplasse­n, Bybanen som stig i fart når den går ifrå første stopp, summen av stemmene på Godt Brød, knitring av posarmed nybakte bollar, fuglane somkvitrar og strekk på vengene. Camille Norment har opna opp for lyden.

“Vil ein evig sirkel seie at vi ikkje klarar å bevege oss framover? Syklusane kan vere destruktiv­e og evigvarand­e, men dei kan også ha potensial, som igjen fører til framgang og evolusjon.

 ??  RUNE SÆVIG ?? ET ER ALLTID
Camille Norment vandrar rundt inne på Bergen Kunsthall.
MEN EIGENTLEG
 RUNE SÆVIG ET ER ALLTID Camille Norment vandrar rundt inne på Bergen Kunsthall. MEN EIGENTLEG
 ?? ?? ETTERPÅ GÅR EG UT
ETTERPÅ GÅR EG UT
 ?? ?? DET ER LEKKERT, ELEGANT
DET ER LEKKERT, ELEGANT

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway