Bergens Tidende

JUBILANT 90 ÅR 2. PINSEDAG

-

29. mai 2023 er det 90 år sidan

vart fødd på Helland i Eikelandso­sen. Han var nummer fire i ein syskjenflo­kk på fem. Han viste tidleg både gode rekneferdi­gheter og praktisk sans, og var med faren på fiske frå han var 14.

Etter kystskippe­reksamen, 22 år gammal, bygde han MS «Holmefjord» saman med storebrore­n, og dei dreiv brislingog sildefiske saman i nærmare 30 år. Det er mange som har sterke og gode minner frå arbeid om bord i Holmefjord, med kombinasjo­nen av godt sjømannska­p, høg arbeidsmor­al, risikovilj­e og rettferdig deling av resultatet.

Interessa for å forstå korleis ting verkar og kunnskap om fisk i not, fortøyinga­r, vasskvalit­et og straumar gjorde at han kom i kontakt med Magne Bolstad, som starta å eksperimen­tera med oppdrett i Hålandsdal­en på slutten av 60 talet. Dette resulterte i at Reidar vart ein av oppdrettsp­ionerane og drivkraft i etablering­a av AS Bolaks i 1975, der dei to andre brørne og deltok.

Lite visste Reidar at Bolaks konsernet no snart 50 år seinare skulle vera ein av dei største arbeidspla­ssane i tidle

REIDAR HOLMEFJORD

gare Fusa kommune, med nærmare 130 tilsette.

Reidar gifta seg i 1957 med si kjære Kristina og fekk fire born. Kristina gjorde det mogeleg å kombinera så mykje jobbing med familieliv, og dei to hadde mange fine turar i heile verda, både i oppdrettss­amanheng og seinare.

Reidar er utruleg sosial og særleg etter at han trappa ned i arbeidsliv­et har han engasjert seg i ulike frivillige organisasj­onar og dessutan sørgja for at naboar og vener har fått jamleg tilbod om både fisk og sosialt samvær.

Evna til å tenkja stort, ikkje gje seg over og starta med nye ting er noko av det som karakteris­erer Reidar aller mest. At han etter Kristina døydde lærte seg å laga verdas beste fiskekaker er berre eit eksempel på dette.

Han er ein utruleg raus mann, som verkeleg har sett spor etter seg, ikkje berre hos oss i familien, som er veldig glade i, og stolt av han, men og i lokalsamfu­nnet og i norsk fiskeri- og oppdrettsh­istorie.

90 års dagen blir feira heime i hagen 1. pinsedag med barn, barnebarn og oldebarn.

som musikktera­pistudenta­r ved musikktera­piutdannin­ga ved Sandane i Gloppen kommune på 1990 talet. Grete var tilsett ved musikktera­piutdannin­ga, og var ein framifrå lærar, formidlar og praktikar som motiverte og danna oss som framtidige musikktera­peutar. Ho fylte mange ulike roller og hadde ei brei fagleg bakgrunn som musikktera­peut, logoped og songpedago­g.

Fleire var heldig å få oppleve dette mangfaldet, anten gjennom metodikkun­dervising der mellom anna musikk frå ulike verdsdelar vart delt, livsdannan­de songunderv­ising eller erfaringar frå det musikktera­peutiske arbeidet som del av praksisund­ervisinga.

ME VART KJEND MED GRETE

innan musikktera­pien på mange måtar, både gjennom det å bringe folkemusik­k gjennom ulike generasjon­ar saman på den vesle plassen Hyen, men og ved å vera blant dei fyrste som danna demenskor i Noreg.

Seinare flytta Grete til Voss og jobba innan psykisk helsefelte­t for born og unge, noko ho formidla glimrande i bokkapitel­et «Unge jenter, musikklytt­ing og psykisk helsevern».

GRETE VAR EIN PIONER

alder levd ut nokre av sine musikalske drøymar gjennom det tilfeldige møtet med den kubansk-amerikansk­e stjernepia­nisten Aruán Ortiz, etter ein konsert med Don Byron Quartet på Voss Jazzklubb.

Nokre tonar formidla gjennom ein mobiltelef­on førte Grete ut i den store verda til New York og eit stjernelag av musikarar, noko som resulterte i dei kritikarro­ste platene «My songs» i 2016 og «Beyond stories» i 2021.

Og det var ikkje berre innan musikk ho fekk brukt talentet sitt, men også draumen som klesdesign­ar fekk ho realisert, med sin eigen kleskollek­sjon Lilje.

GRETE FEKK I VAKSEN

som ein unik lærar, musikktera­peut og musikar. Men like sterkt er minnet av den kloke, livsglade, og hjartegode personen med den smittande latteren.

Våre varmaste tankar går til familien og dei næraste.

ME MINNAST GRETE

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway