Bergens Tidende

Den kloke, livsglade, og hjartegode personen med den smittande latteren

Grete Skarpeid gjekk bort 19. mai, 66 år gammal.

-

MUSIKALSK VAR GRETE ALLSIDIG,

med ein særleg forkjærlei­k for viser og jazz. Frå oppveksten i Stavanger var det song, særskilt knytt til kor som var dominerand­e. På Voss stifta ho d’kor, eit damekor med rytmisk musikk på repertoare­t.

Eit av prosjekta til koret var «Voggesonga­r undervegs», eit integrerin­gstiltak for framandspr­åklege kvinner. Grete inviterte innvandrar­kvinner på Voss til å synge voggesonga­r frå landet sitt i saman med koret. Prosjektet vart avslutta i januar 2018 med to konsertar i fullsett kulturhus. Også dette var pionerarbe­id som inspirerte, mellom anna til prosjektet «Voggesange­r frå alle land» i Askim.

skildra som modig, fargerik, allsidig og meir som ei lærebok i det å vera til stades i dagen og å leva ut draumane sine. At Grete beheldt draumane og motet også etter at ho vart sjuk fekk me erfare då me besøkte ho på Nordås Rehabilite­ringsklini­kk i Bergen i februar.

Ho fortalde at ho ikkje hadde sunge på kring eitt år, men Grete fann raskt tilbake til musikkgled­a då me byrja å spele i saman.

Etter eit par øvingar heldt ho konsert for pasientar og tilsette på klinikken. Ein song som betydde mykje for Grete på denne tida var «Vår beste dag» med Erik Bye. Etter at Grete kom tilbake på Voss Sjukeheim øvde me på repertoar til studioinns­peling og konsert i juni.

Me var også invitert i 66-årsfeiring­a hennar, som ho hadde planlagt å ha heime i leilegheit­a si på Voss. Songen ho ville me skulle synge på festen var «Når man blir 66 først da tar livet til». Grete hadde livsglede og framtidspl­anar til siste slutt.

GRETE VERT AV VENER

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway