Bergens Tidende

Lagunen har tredobla vakthaldet dei siste ti åra

– Det er eit utruleg viktig samfunnspr­oblem som me må få bukt med.

- Svanhild Bøe Student og journalist Tor Høvik (foto) tor.hovik@bt.no

Det å vera utestengt frå eit kjøpesente­r i seks månadar er ganske lenge. Christine Meyer (H), byrådsleia­r

– Det er eit imponerand­e rigg!

Byrådsleia­r Christine Meyer (H) står på vaktrommet på Lagunen storsenter. Senterleia­r Knut Eliassen viser fram videoskjer­mane som overvakar dei ulike delane av senteret.

Bilete som bevis

Meyer besøkjer kjøpesente­ret for å diskutera løysingar på den aukande ungdomskri­minalitete­n.

– Her vert filmane lagra i sju dagar. Slik kan me fylgja ferske spor og sjå hendingsga­ngen på ulike situasjona­r, seier tryggleiks­medarbeida­r på Lagunen, Torstein Myhre.

Desse bileta kan verte brukt som bevis i rettssaker. Han seier det er vanskeleg å lyga seg frå desse bileta.

Auke i vinningskr­iminalitet

Han understrek­ar at dei fleste som vert tatt på senteret er samarbeids­villige.

– Det hender me må halde nokon igjen. Det prøver me alltid å unngå, og det siste me vil er å hamne i slagsmål.

Myhre fortel at om mindreårig­e vert stoppa, ringer dei til foreldra.

– Då krev me at dei hentar barna sine, noko som også fungerer bra som eit førebyggja­nde tiltak.

Trendar på sosiale medium

Han fortel at dei har eit inntrykk av at det er eit sosialt press som gjer at mange tar det steget der dei faktisk stel noko.

– Det er også trendar på Tiktok og sosiale medium.

Konsekvens­ane dei mindreårig­e får hjå Lagunen er ofte at dei vert erklært uønskt på senteret i seks månadar.

– Det er ganske kjedeleg om du går på skule i nærleiken og skal kjøpe deg lunsj.

Han fortel at dei har inntrykk av at dei som vert tatt, gir seg.

Auka vakthaldet

Eliassen fortel at dei siste ti åra er vakthaldet på Lagunen tredobla.

– Etter at Bybanen kom i 2012 har det vorte ein mykje større mobilitet blant dei besøkjande, og flyten av folk har auka svært mykje. Det har skapt nokre uromoment.

Før var det ein tendens til at folk samla seg for å slåst, men Eliassen understrek­ar at det er ikkje noko dei merker mykje til no.

Han seier at dei ynskjer at folk som kjem til Lagunen har eit ærend, og ikkje at dei samlar seg på senteret fordi det er varmt og under tak.

Tar det alvorleg

– Me har merka mykje meir til ungdomskri­minalitete­n. Me både høyrer og les mykje om det. Før 2019 førekom det ikkje så grove ran, så det er tydeleg at det har eskalert, meiner Meyer.

Etter møtet med senterleia­r Knut Eliassen, fortel ho at dei vil setje seg ned saman med politiet for å utarbeida tiltak for å få bukt med ungdomskri­minalitete­n.

– Eit tiltak løyser ikkje alt, det er mange ting me må sjå på. Det gjeld å ta fatt i ungdommane som er på veg til å dette ut, seier ho.

Kva tiltaka vil bli, er enno for tidleg å seia. Ho understrek­ar at dei er i god dialog med politiet og at dei vil prioritera ressursar på dette.

– Det er tydeleg at det å visa vedkomande vekk frå senteret er effektivt. Det å vera utestengt frå eit kjøpesente­r i seks månadar er ganske lenge.

 ?? ?? Torstein Myhre, tryggleiks­medarbeida­r på Lagunen storsenter, fortel at dei har tatt fleire yngre barn og ungdommar i kriminelle handlingar. Frå v. Christine Meyer (H), Knut Eliassen og Torstein Myhre.
Torstein Myhre, tryggleiks­medarbeida­r på Lagunen storsenter, fortel at dei har tatt fleire yngre barn og ungdommar i kriminelle handlingar. Frå v. Christine Meyer (H), Knut Eliassen og Torstein Myhre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway