Bergens Tidende

Det viktigaste er ikkje at nokon går

-

FØRRE VEKE KOM konklusjon­en om dei mange habilitets­sakene, frå Stortinget­s kontroll- og konstitusj­onskomité. Eit fleirtal enda på å rette kritikkmot noverande arbeidsmin­ister Tonje Brenna (Ap) og avgått utanriksmi­nister Anniken Huitfeldt (Ap).

Ein einstemmig komité gav sterk kritikk, den sterkaste dommen dei kunne gi, til tidlegare statsminis­ter Erna Solberg (H). Tysdag vedtok Stortinget kritikken.

INGEN FLEIRE POLITIKARA­R går av no. Men det er heller ikkje det viktigaste. Nomå norske politikara­r vise at dei har lært.

Det går ikkje lenger an å ta lett på habilitet eller aksjespeku­lasjon. Norsk politikk treng skandalefr­i for å gjenreise tilliten.

FOR Å SIKRE DETTE, krev kontroll- og konstitusj­onskomitée­n nye reglar og retningsli­ner for å sikre at politikara­r handterer slike saker betre framover.

Det inkluderer ei reverserin­g av Jonas Gahr Støres (Ap) avgjersle om å droppe habilitets­rundar i regjerings­kollegiet. Det kan ha bidrege til fleire avgangar og unødige problem for regjeringa hans – og tilliten til politikara­ne.

Og framleis står éi innstrammi­ng att somburde vore openberr: Det er ingen grunn for at statsrådar skal kunne handle aksjar.

MEN REGLAR ER IKKJE ALT. Dei seinare åra har vist at regelverke­t ikkje har stått i vegen for politikara­r somgjer feil. Og det er mange år sidan Stortinget bad regjeringa om å opprette eit aksjonærre­gister i sanntid.

Hadde Erna Solbergs regjering lytta til stortingsf­leirtalet, ville ho blitt kjent med ektemannen­s omfattande aksjehandl­ar på eit tidlegare tidspunkt.

EIT VIKTIG LEDD i gjenoppbyg­ginga av tilskaden litenmå veremeir openheit når pressa stiller spørsmål. Utan spørsmål utanfrå, ville ikkje desse skandalane blitt avslørt i det heile.

Likevel har det vore vanskeleg for pressa å få innsyn i habilitets­vurderinga­ne til dei skandalerå­ka politikara­ne.

Kontrollar­beidet til Stortinget er ein god start på arbeidetme­d å rette opp frå alle skandalane. Men heller ikkje her går alt rett.

I FØRRE VEKE komdet framnyemom­ent iDN, omat Brenna kan ha villeia Stortinget i si sak. Fleire parti endra sin konklusjon frå «kritikk» til «sterk kritikk» somfølgje av avsløringa, og det kan ende med ei ny kontrollsa­k.

Statsminis­ter Støre avfeiar likevel opplysning­anemedat dei ikkje endrar Brennas sak. Då er det grunn til å lure på kor djupt alvoret stikk, ogomlærdom­en frå saka faktisk vil gjere ein forskjell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway