Bergens Tidende

Nyttig og inspireran­de for alle hageeigara­r

Vil du lukkast i hagen, må du jobbe med naturen, ikkje mot han. Dag Jørund Lønnings klare bodskap til glade hageentusi­astar er: Skogen kan gje svar på det meste.

- «Jordboka for hagen»

DETTE ER EI BOK somer nyttig og inspireran­de for alle hageeigara­r. Dei sombryr seg om naturen og har forstått det nødvendige av eit grønt skifte, også på mikronivå i eigen hage. Vi kan alle gjere litt og til saman kan det bety ein skilnad.

Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvik­ling og rektor påHøgskule­n for grøn utvikling på Bryne.

«Jordboka for hagen» er ei teoretisk og praktisk innføring i korleis du kan byggje din eigen, naturnære hage som både er

Forfattar: Dag Jørund Lønning Sjanger: Sakprosa

Forlag: Kagge robust og fornyar seg sjølv, utan å tilsetje kunstgjøds­el og dyr hagejord, someigentl­eg ikkje er anna enn torv.

DET ER GODT for både insekt og vekstar og du er med på noko somermykje større enn du sjølv, og du kan bli ei lita, men viktig brikke i det nødvendige, grøne skiftet i kampen mot klimakrise og jordøyding, meiner han.

«Når du har lese denne boka, skal du evna å dyrka plantarmed det organiskem­aterialet rundt deg sominnsats­middel. Du er i stand til å forstå kvifor ugraset spreier seg, kvifor nyttevekst­ane dine blir angripne av ròtesopp, og kvifor det luktar vondt av komposten. Du dyrkar vakre og velsmakand­e plantar, du leikar og du lærer, og alt dette gjer du medan du fangar karbon og aukar naturmangf­aldet rundt deg», skriv Lønning i sluttordet.

KRISENE SOM RAMMAR inn livet vårt, gjer denne boka nødvendig.

Måtane vi bruker jorda og naturen på, må endrast fundamenta­lt, meiner forfattare­n.

Hovudbodsk­apen er at jorda skal forstyrras­t så lite sområd. Om du prøver å drive hagen din på tvers av dei sentrale prosessane i naturen, er resultatet oftast trøbbel. Naturen kan rett og slett ikkje tvingast.

Sjølv går Lønning ofte til skogen for å finne svar på korleis omforming og fornying frå daude til liv blir til. Skogen ordnar seg utan hjelp frå menneska, og oftast til det betre.

LØNNING NEMNER av ein eller annan grunn ikkje ordet permakultu­r ein einaste gong i boka. Retninga oppstod i Austerrike og Australia på 1960-talet og har som mål å skape ei berekrafti­g utvikling på lagmed naturen.

Siste tiåra har den spreidd seg over heile verda og er blitt til ei av dei raskast veksande retningane innan idealistis­k hagebruk.

Sjølv har eg etter fattig evne prøvd å byggje opp ein permakultu­rhage overmange år, der eg dyrkar frukt, bær og andre nyttevekst­ar utelukkand­e basert på organiske materialar frå eigen hage og frå eigen jordfabrik­k og kompost. Det er ingen quick fix, men det er umåteleg tilfredsst­illande når du gradvis kan lukkast med småting.

«JORDBOKA FOR HAGEN» lanserer ingen revolusjon­ære teoriar for korleis du kan lykkastmed ein naturnær hage. Men her ermange nyttige tips og triks på den lange vegenmot det grøne skiftet på naturens eigne premissar. Boka handlar like mykje omkva du ikkje bør gjere i hagen din, somkva du bør gjere.

Ågjødsle, til dømes, er noko av det verste du kan gjere, i tillegg til graving og fresing av jorda, ifølgje forfattare­n. Komposteri­ng, derimot, er naturen sin eigen måte å gjødsle på.

Det mest meiningsla­use du kan gjere er å køyre vekk hageavfall i staden for å resirkuler­e det somfyllsto­ff og byggjemate­riale tilomformi­ngogfornyi­ng. «Organiskma­teriale er gull for hageeigara­r. Køyr det aldri vekk.»

Krisene som rammar inn livet vårt, gjer denne boka nødvendig. Måtane vi bruker jorda og naturen på, må endrast fundamenta­lt, meiner forfattare­n.

OG FOR DEI somvil ha eit svar på kva somer den raskaste vegen til den naturnære hagen, er svaret grovhakka flis. Såmykje sområd. Overalt. Ei fliskvern er ifølgje forfattare­n den beste investerin­g du kan gjere for hagen din.

Grøne fingrar er ikkje noko ein er føddmed. Det veit alle vi som har fuska litt i faget. Det må lærast og detmå feilast. Styrken med «Jordboka for hagen» er at dei teoritunge delane blir utfylte med praktiske tips.

BOKA PRØVER OGSÅ å gi svar på kvifor alt heng saman med alt i jorda, og kvifor eit mangfaldig økosystem i hagejorda er avgjerande for å kunne dyrke fram fleire ogmeir varierte plantar i din eigen hage. Til glede både for deg sjølv, jorda, insekt, fuglar og heile økosysteme­t.

 ?? ??
 ?? KAGGE (ARKIV) ?? Dag Jørund Lønning er frå Stord og har i mange år vore ei viktig stemme i debattar om landbruk, miljø og natur.
KAGGE (ARKIV) Dag Jørund Lønning er frå Stord og har i mange år vore ei viktig stemme i debattar om landbruk, miljø og natur.
 ?? Bokmeldar ?? Jan Nyberg
Bokmeldar Jan Nyberg

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway