Bergens Tidende

Bir får millionar til klimatekno­logi

Birs anlegg har det største klimautsle­ppet i Bergen. No får renovasjon­sselskapet statsstøtt­e gjennom Enova til å gjera noko med det.

- Ådne Lunde adne.lunde@bt.no

Dette var ei svært gledeleg melding å få. Eg håpar det blir den første av fleire. Borghild Lekve, direktør i Bir

– Dette var ei svært gledeleg melding å få. Eg håpar det blir den første av fleire, seier Borghild Lekve.

Ho er direktør i Bir. Måndag vart det kjent at selskapet får 28,5 millionar kroner til eit såkalla forstudie for karbonfang­st ved bosbrennin­gsanlegget i Rådalen.

Bir har tidlegare sagt at heile prosjektet vil kosta rundt ein milliard kroner.

Lekve seier Enova-støtta skal gå til vidare arbeid med teknologi og klargjerin­g av tomt.

Jobbar med finansieri­ng

– Og så jobbar vi vidare med å få til finansieri­nga av anlegget, seier Lekve.

Målet er framleis å ha karbonfang­stanlegget i drift innan 2030. Då skal det etter planen fanga 100.000 tonn CO₂ i Rådalen.

Karbondiok­siden frå bergensbos­set skal så fraktast til Northern Lights i Øygarden, for permanent lagring under havbotnen i Nordsjøen.

– Vi satsar på å bruka kjend teknologi, og å byggja i modular, slik at det seinare kan utvidast.

Kritisk til ny avgift

Dei samla utsleppa av CO₂ i Rådalen er rundt 240.000 tonn. 100.000 tonn er den delen av utsleppa som kjem får fossile kjelder, i all hovudsak plast som ikkje er sortert ut.

Denne delen av utsleppa fekk frå nyttår ei kraftig statleg avgift. Denne avgifta fell bort om klimagasse­n vert fanga og lagra.

– Vi har vore svært kritiske til ei slik avgift. Den reduserer vårt spelerom og mogeleghei­ter til å investera i karbonfang­st, seier Lekve.

Ho meiner avgifta i det minste burde vore øyremerkt til miljøtilta­k.

Stortinget har også etter ei rekkje innspel frå renovasjon­snæringa, bedt regjeringa om å greia ut konsekvens­ane av denne avgifta.

Enova støttar vanlegvis prosjekt som har kome langt, og som er nær ei investerin­gsavgjerd.

– Naudsynt utvikling

– I denne runden gir Enova støtte til banebrytan­de prosjekt som kan framskunda karbonfang­st som klimaløysi­ng, skriv statsselsk­apet i ei pressemeld­ing.

Enova skriv at dei går inn med støtte på eit tidlegare tidspunkt enn vanleg. Dei har tildelt pengar til åtte aktørar fordelt på ni prosjekt, til ein samla sum på 198,4 millionar kroner. Og Bir får altså 28,5 millionar av desse støttekron­ene.

– Forstudian­e som no får støtte har eit potensial for utsleppsku­tt som svarar til det dobbelte av Oslos totale CO₂utslepp årleg. Vi har med andre ord god tru på at tildelinga­ne vil auka farten på den naudsynte utviklinga av karbonfang­st i Noreg.

Dette seier administre­rande direktør i Enova, Nils Kristian Nakstad, i pressemeld­inga.

Enova fekk totalt 18 søknadar i denne utlysinga med totalt søkt støtte på over 400 millionar kroner.

 ?? BJØRN ERIK LARSEN (ARKIV) ?? Det er knapp plass rundt Birs anlegg i Rådalen. No søkjer selskapet om å få omregulert deler av tomta til karbonfang­st.
BJØRN ERIK LARSEN (ARKIV) Det er knapp plass rundt Birs anlegg i Rådalen. No søkjer selskapet om å få omregulert deler av tomta til karbonfang­st.
 ?? FRIDE SØRENSEN (ARKIV) ?? Tida er knapp, men Borghild Lekve har framleis tru på karbonfang­st i Rådalen i 2030.
FRIDE SØRENSEN (ARKIV) Tida er knapp, men Borghild Lekve har framleis tru på karbonfang­st i Rådalen i 2030.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway