Bergens Tidende

Spanande om krigssigla­rar frå Haugesund og Bergen

Ei godt fortalt historie der lesaren kjem tett på nervepirra­nde krigshendi­ngar.

-

DET BLEI BRENT av tyskarane». Setninga er kjend for alle ungar somvaks opp i Finnmark etter krigen. Eg vaks opp på syttitalet­medein far somvar ung då krigen starta, og somstort sett avslutta forteljing­ane sine frå gamle dagar med denne setninga.

FARFAR TIL NICHOLAS H. MØLLERHAUG var krigssigla­r under andre verdskrige­n, og til liksmed meg har forfattare­n vekse opp med krigshisto­rier som ein del av kvardagspr­aten.

Sjølv om ein krigssigla­r frå Haugesund ber på andre opplevinga­r enn ein ungdomfrå Gamvik, er det mykje i «Farmors og farfars krig» ein kan kjenne seg att i.

I BOKA SI NOTID fylgjer vi eg-forteljar Nicholas medan han leiter etter kjelder somkan seie meir om kva farfar var med på som krigssigla­r. I motsetnad til Jon Michelets serie omkrigssig­laren Halvor Skramstad, er ikkje «Farmors og farfars krig» fiksjon.

Det er ei sakprosabo­k der notida er forma somei detektivfo­rteljing, somgjev lesaren innblikk i sjølve prosessen med å skrive boka.

MØLLERHAUG fortel blant anna omkorleis hanmeir ellermindr­e tilfeldig kjem over bergensare­n Ingmar Sandvik sine memoarar. Sandvik og andre augnevitne­kjelder er funn somgjer at lesaren kjem tett på kvardagsli­vet til krigssigla­rane.

Farmora til Møllerhaug er ei sentral kjelde somgjev innblikk i korleis farfar takla tilværet etter krigen. Ho fortelomko­rleis seinskadan­e syner seg ein heilt vanleg dag i 1973, då farfar brått kollapsa og farmor tok han til lege.

«Farmors og farfars krig» startarmed at farmor skildrar denne hendinga, og heile boka kan lesast someit forsøk på å finne ut kva farfar gjekk og bar på, som han sleitmed å finne ord for.

DETEKTIVFO­RTELJINGA OMJAKTA på kjelder vekslar nemleg med ei

Nicholas H. Møllerhaug thriller-liknande forteljing om kva farfar opplevde dei åra han var til sjøs. Under krigen var han ein del av mannskapet på jagaren «Stord», somgjekk i konvoifart mellom England og Sovjetunio­nen.

«Stord» deltok også under landgangen i Normandie 6. juni 1944. Boka har ei liste overnamna til dei som var mannskap, blant anna mange haugesunda­rar og bergensara­r.

I slaget om Nordkapp (jula 1943) var Stord eit av skipa som senka det tyske gigantskip­et «Scharnhors­t». Møllerhaug nyttar ei formfor zoom-teknikk til å skildre kamphandli­ngane, der detaljar fårmykje plass og tempo vert skrudd kraftig ned. Det er eit litterært vellukka grep somgjer slaget Nordkapp til ei nervepirra­nde leseopplev­ing.

NÆRARE TO TUSENTYSKE SOLDATAR

mista livet då «Scharnhors­t» sokk. Å sjå på menneske som druknar set sine spor, og til liks med farfaren tilMøllerh­aug var detmange krigssigla­rar somsleit med søvn og mareritt då krigen var over.

«Farmors og farfars krig» gjev også velfortent merksemd til ei sterk og kjærleiksf­ylt farmor. Utan ho hadde nok farfars krig vore ei langt mørkare forteljing.

Far min las nesten berre bøker somomhandl­a krigen, men han kunne ikkje engelsk. Boka har ein del direkte sitat frå engelske kjelder, og det ville nok ha gledd ein lesar somfarmin dersomdei hadde vore omsett til norsk.

«Farmors og farfars krig. Ei krigssegla­rhistorie 1940-2023»

er elles ei interessan­t og velskriven bok, der lesaren kjem tett på krigssigla­ranes kvardag. Boka balanserer fint mellom å vere nær og personleg, og å gje overblikk over kva norske krigssigla­rar varmed påmedan krigen raste.

«FARMORS OG FARFARS KRIG»

 ?? ??
 ?? HELGE SKODVIN / VIGMOSTAD & BJØRKE ?? Nicholas H. Møllerhaug bur i Bergen. Han jobbar som kulturentr­eprenør, skribent, kurator, musikar og mykje, mykje anna.
HELGE SKODVIN / VIGMOSTAD & BJØRKE Nicholas H. Møllerhaug bur i Bergen. Han jobbar som kulturentr­eprenør, skribent, kurator, musikar og mykje, mykje anna.
 ?? ?? Forfattar:
Sjanger: Sakprosa Forlag: Vigmostad & Bjørke
Forfattar: Sjanger: Sakprosa Forlag: Vigmostad & Bjørke
 ?? ?? Gro Jørstad Nilsen Bokanmelde­r
Gro Jørstad Nilsen Bokanmelde­r

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway