Bergens Tidende

Morten Myksvoll

- Kommentato­r i BT morten.myksvoll@bt.no

INGVILD KJERKOL MÅTTE GÅ av som helseminis­ter. Det var konklusjon­en til statsminis­ter Jonas Gahr Støre (Ap), som han delte med pressa fredag. Tidlegare har Støre glimra med sitt fråvær når statsrådar har gått av etter skandalar.

DET SISTE ÅRET har Anette Tretteberg­stuen (Ap), Ola Borten Moe (Sp) og Sandra Borch (Sp) gått av utan Støre ved si side.

SIDAN PRESSA VART INVITERT til Statsminis­terens kontor, trudde eg at Støre ville forsvare Kjerkol. Men han sende henne på dør.

– Eg har kome fram til at Kjerkol bør gå av som statsråd, sa Støre.

Det er sjølvsagt mogeleg at Støre berre var med på pressekonf­eransen fordi Kjerkol ikkje ville gå frivillig. Hennar defensive framferd på pressekonf­eransen kan tyde på det.

Kjerkol brukte pressekonf­eransen til å angripe pressa og forsvare masteroppg­åva si. Ho opnar for å klage på vedtaket.

Dei tre andre statsrådan­e gjekk tilsynelat­ande av egen fri vilje.

UANSETT: HAN STILTE OPP for statsråden som fekk sparken. Det var godt å sjå.

Men pressekonf­eransen gjorde det vanskeleg å vite om dette var eit utslag av god eller tilfeldig leiarskap.

For på spørsmål om kvifor han stilte opp for Kjerkol og ikkje dei andre, svarte han dette:

«Det kjentes riktig nå.»

Det går an å håpe på dette ikkje berre var eit innfall. At Støre vil stille opp for neste statsråd som må gå.

For ein statsminis­ter klarer uansett ikkje å distansere seg frå skandalise­rte statsrådar ved å la dei stå åleine.

DET ER STØRE som definerer om statsrådan­e har tillit, sjølv om han til ein viss grad har sett konklusjon­en ut til Nord universite­t. Då må han stille opp.

DET GÅR AN Å HÅPE for Støres del at det ikkje kjem fleire slike avgangar i hans regjerings­tid. Men skulle det skje, er fredagens pressekonf­eranse ein slags mal.

Der var han tydeleg på kvifor Kjerkol ikkje kunne halde fram som statsråd. Masterjuks­et til Kjerkol var ikkje i samsvar med å vere helseminis­ter.

Det viser styrke å stå saman med den avgåande statsråden og seie at tilliten er borte.

STØRE STÅR FRAM som ein langt betre leiar i dag, enn då han var svært hard mot Tretteberg­stuen etter hennar avgang i fjor.

Tretteberg­stuens habilitets­feil var knytt til jobben som statsråd. Det same kan ein seie om Moes aksjekjøp. Kjerkols og Borchs avgangar skuldast juks frå tida før dei blei statsrådar.

Det viser berre at tillitsbro­tet kan skje før tilliten som statsråd er gitt.

SAKENE TIL KJERKOL OG BORCH er vanskelege for Støre å skjerme seg frå.

For kvar ny skandale blir nok lista for kva han går gjennom med nye statsrådar lenger og meir detaljert – men det er umogeleg å fange opp alt som kan vere problemati­sk i fortida til folk.

Kven tenkte på mastergrad­ar som skandalema­teriale for få år sidan?

SLIKE SKANDALAR gjer det vanskelega­re for oss som følgjer med òg. For kvar ny avsløring, er det lett å tenkje «har dei ikkje lært?».

Borchs feil er ti år gammal. Kjerkol juksa på masteroppg­åva i 2021. Dei kan ikkje ha lært av skandalane som er rulla opp etter feilen deira er gjort.

FOR Å BYGGE OPP ATT tilliten til politikara­ne – eller regjerings­prosjektet sitt, må han vere til stades.

Og han må vere tydeleg på kvar grensa går.

Slik sett kan Kjerkols lite audmjuke framferd ha vore ein siste innsats som statsråd for Støre. Ho fekk han til å sjå bra ut.

Pressekonf­eransen gjorde det vanskeleg å vite om dette var eit utslag av god eller tilfeldig leiarskap.

 ?? ??
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway