Fædrelandsvennen

Når kvardag vert hverdag

-

For litt sidan delte skulen i heimbygda mi ei lenkje til nettstaden foreldrehv­erdag. no på Facebook.

●● Foreldrehv­erdag.no vert drifta av eit departemen­t, og sjølv om sida verka som ein informativ nettstad, vart eg skuffa då eg klikka meg inn. Ingen av tekstane var på nynorsk.

På skulen der eg kjem frå har nynorsk vore opplærings­mål i over 100 år, og alle elevane har nynorsk som sitt språk. Sjølv om desse elevane er i fleirtal lokalt, er dei i mindretal nasjonalt. Nynorskele­var ser utruleg mykje bokmål i kvardagen, noko som gjer det vanskelega­re å lære fyrstesprå­ket sitt skikkeleg. Dette vert ikkje betre når statlege nettsider berre kjem på bokmål.

Foredrehve­rdag.no er ikkje ei side som rettar seg til elevane, men det er òg viktig at informasjo­n som går ut til foreldra kjem på rett språk. Storparten av foreldra til ungane på denne skulen er nynorskbru­karar. Dei treng som borna å sjå nok nynorsk i kvardagen til å halde fram som trygge nynorskbru­karar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway