Fædrelandsvennen

HV svekkes i sør

-

Landsrådet for Heimeverne­t har sagt tydelig i fra om at nedlegging av Sjøheimeve­rnet vil svekka landets totale beredskap.

●● I eit land med ei kyststripe på nær 29.000 kilometer, er det vanskeleg å skjøna at Sjøheimeve­rnet vert lagt ned.

Det er heller ikkje samsvar mellom vedtaket om å redusera Heimeverne­ts områdestyr­ke med 7000 soldatar - og uttaler vi høyrer om ein styrka beredskap med betre sivil-militært samarbeid.

Nedlegging­a av Sjøheimeve­rnet og ein reduksjon på 7000 soldater, er til saman ei dramatisk reduksjon av Heimeverne­t.

Beredskaps­området står for meg som eit av dei politikkom­råda kor det for tida er størst sprik mellom kva som vert forfekta - og kva som er den faktiske situasjone­n. Sjølv om Heimeverne­t får færre soldatar, skal innsatsen styrkast i nord. Det betyr at kutta i Heimeverne­t vert særlig tøffe i den sørlegaste delen av Noreg.

Eg skjønar godt at reaksjonan­e er sterke. Landsrådet påpeika konsekvens­ane kutta ville få for beredskape­n fleire gongar før vedtaka blei fatta.

Både i samband med forsvarsje­fenes militære råd (FMR), langtidspl­anen for forsvaret (LTP) og statsbudsj­ettet for 2017 var Landsrådet tydeleg i sin uttale. Difor bør det ikkje koma som

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway