Fædrelandsvennen

Bokmål, nynorsk, sidemål, hovedmål, landsmål, norsk-dansk, og kva meir? «Spynorsk»?

Som kjent: Kjært barn har mange namn, men kor kjært er målet vårt? Altså det norske språket?

- GERD FOSSE HOVDEN nedlagt poststyrar

me som kallar oss målfolk, set det så høgt at me gjev pengegåver til Noregs Mållag for at dei skal halde fram med å kjempe mot at det opprinnele­g norske målet skal drukne i lettvint og altfor mykje brukt bokmål.

«Vekk med sidemålet!» lyder parolen, og målkvinne Gerd er samd! Stryk nemninga hovedmål og sidemål og kall det berre norsk ! Slutt med å gjere faget så keisamt at ingen giddar lære det, anna enn dei mest pliktoppfy­llande og ambisiøse.

Eg har vakse opp i Ivar Aasen sitt fylke, men fekk ikkje kjennskap til mannen eller verket hans før eg kom på realskulen som 15-åring. I stasjonsby­en var det bokmålet som rådde, medan bygdene ikring hadde nynorsk. Opp- læringa av «sidemålet» gjekk føre seg med gramatikk og glosepugg, som skulle det ha vore eit framandspr­åk,- altså ikkje direkte lystbetont!

Det var først då eg kom til Setesdal fem år seinare og skulle prøve meg som lærar, på nynorsk sjølvsagt, at eg oppdaga at nynorsk er då morsmålet mitt! Kloss opp til slik eg talar! g der er me ved kjernen: Norskopplæ­ringa. Spør elevane: Kva seier du? Kva heiter det på nynorsk? Kva heiter det på bokmål? Mange vil få seg ei a-ha-oppleving då, og kanskje bli nysgjerrig­e på å finne ut meir om språket.

Eg vil påstå at me som får tredd bokmålet over hovudet utan å ha den minste kjennskap til språkhisto­ria vår, på ein måte er blitt hjernevask­a. Det kjennast nesten som eit svik.

OSjølvsagt er ikkje ein førsteklas­sing i stand til å ta eit val, det er foreldra som velger, utan at dei kanskje er heilt kompetente, dei heller? Og faktisk har eg opplevd å møte lærerar som trur at nynorsk er eit språk Ivar Aasen har funne opp! Han fann det ikkje opp, han oppdaga det! Reiste rundt i heile landet og samla inn ord og seiemåtar, og gjorde ved det at me fekk som verktøy eit mykje rikare språk, som endåtil bokmålet har tatt farge av, med å ta i bruk meir norske ord, som foss i stadenfor vannfall og høve i stadenfor anledning til dømes.

Hørt i radio: «Høve er et godt ord som bør brukes i alle anledninge­r.»!

Det har vore mange gode innlegg i denne debatten, m. a. hadde Karen Kristine Blågestad mykje vetugt å kome med. Eg meiner som ho at nynorsk må elskast fram. Det blir som eventyret om sola og nordavinde­n som kappast om kven som var sterkast. Vinden greidde ikkje å blåse frakken av mannen, men sola vermde så han laut ta han av.

Og som sagt av Blågestad og andre: Elevane må lære seg kjærleik til nynorsk gjennom litteratur! Nett no les eg «Mio, min Mio» av Astrid Lindgren. Eg har utruleg nok ikkje visst om den boka tidlegare.

Er det einaste boka hennes som er sett om til nynorsk? Det burde alle bøkene ha vore, ettersom svensk ligg mykje nærare nynorsk enn bokmål.

Digresjon: To svenske damer vitja Det Norske Teatret til ei Evert Taube-forestilli­ng, sett om til norsk (nynorsk, sjølvsagt) av Hartvig Kiran. Dei let seg begeistre: «Før en fantastisk førestelln­ing, og tenk, inte alls øversett!» Bruk boka i skulen! Les opp og la borna skrive attfortelj­ing, slik me gjorde i gamle dagar. God språkkjens­le smett lettvint inn då! Og samtidig ei forteljing som grip tak i lesaren. it altfor forsenka sukk til slutt: Tenk om nordmenn (og -kvinner!) hadde vore seg bevisst språket den gongen «Flukta frå landsbygda» regjerte på det kraftigast­e! Ikkje sikkert nynorsk hadde vore eit minioritet­sspråk då!

Eller om skulerøyst­ingane ikkje hadde vore slik at «den sterkaste vinn». Tenk så mange potensiell­e nynorskbru­kerar me mista fordi bokmålet vann, så alle laut føye seg etter det.

Dette er berre nokre strøtankar få ei som i vaksen alder fann fram til sitt eige mål. Med ein an-

Eg vil påstå at me som får tredd bokmålet over hovudet utan å ha den minste kjennskap til språkhisto­ria vår, på ein måte er blitt hjernevask­a.

Enan skulepolit­ikk hadde eg kanskje kome i mål før?

Altså: La elevane få lære om språkutvik­linga så dei kan ta eit val basert på kunnskap. Og sjølvsagt må nynorsk både lesast og skrivast! «Åndalsnes-modellen» eksisterte ikkje i mi tid, men er seinare innført fleire stader i landet: Skulebøker er i somme fag på nynorsk og i andre på bokmål. Slik får elevane inn norsk på ein god måte! Det er berre å seie til avisene: Velkomen etter! Fædrelands­vennen har forresten betra seg noko, så takk for det! Og takk for spennande debatt med gode innlegg frå fagfolk og andre.

 ?? ARKIVFOTO: NTB SCANPIX ?? Og der er me ved kjernen: Norskopplæ­ringa. Spør elevane: Kva seier du? Kva heiter det på nynorsk? Kva heiter det på bokmål? Mange vil få seg ei a-ha-oppleving då, skriv forfattare­n.
ARKIVFOTO: NTB SCANPIX Og der er me ved kjernen: Norskopplæ­ringa. Spør elevane: Kva seier du? Kva heiter det på nynorsk? Kva heiter det på bokmål? Mange vil få seg ei a-ha-oppleving då, skriv forfattare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway