Fædrelandsvennen

Du kjenner det på kroppen når dei må flykte for livet

Dei har ikkje mat, dei tør ikkje røre seg. Dei veit ikkje om dei når land før det er for seint.

- TORBORG IGLAND

Mare

Kristin Sørsdal Samlaget

Ein båt er fylt til randen av menneske. Ein dykkar på ei øy i Middelhave­t leiter etter lik. Ein norsk turist leiter etter immigranta­r.

Kristin Sørsdal frå Arendal er mest kjend for å ha omsett bøkene om Elena Ferrante til norsk. Det er ingen dårleg ting å vere kjend for. Men no bør du gjere deg kjend med Sørsdal sin eigen forfattars­kap.

«Mare» er tredje boka til Sørsdal. Middelhave­t – Il mare di mezzo, havet imellom – er Marehavet, det bringer død og mareritt. Men det er òg avstanden mellom oss og dei på den andre sida. Til og med når flyktninga­ne er komne til øya utanfor kysten til Italia er avstanden der. Dei vert plasserte bak høge gjerde, passa på av ei vakt som ”med snille auge” fortel katastrofe­turist Solveig at dei ikkje kan sleppe ut. Først må dei DIE, detensjon, identifika­sjon og ekspulsjon.

Eg trur berre halvvegs på prosjektet til Solveig, som, litt vagt uttrykt, er å symje blant døde sjeler. Langt sterkare er romanen når vi føljer ein libysk gut på veg over havet. Sørsdal seier ikkje så mykje om det dei reiser ifrå. Men ho antyder ein venskap mellom guten og ein mann på stranda i Libya. Mannen veit kva som ligg føre guten, og gjer det vesle han kan for å førebu han, lærer han å symje.

Sørsdal balanserer på ei fin line mellom råskap og atterhald i språket sitt. Ho bruker få adjektiv og er ikkje påtrengjan­de når ho fortel. Slik gjer ho det mogleg for oss ikkje å reise eit forsvar, men våge å kjenne på frykta og viljen til å leve. Forfattare­n let oss kjenne forvirring­a til guten når han ikkje rekk å seie farvel med venen, redsla til mor hans når ho trur ho vert skilt frå sonen og panikken når han trur han vil døy.

Slik gjer Sørsdal avstanden mellom oss og dei andre litt mindre enn dei 340.000 metrane det er mellom Libya og Italia. Slik litteratur kan når han er på sitt beste.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway