Misvisande og mangelfull nynorskdebatt
Ope brev til utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen og alle politikarar.
ynorskdebatten i avisinnlegg og ulike fora i samband med at Høgre vil fjerne sidemålsstilen i den vidaregåande skulen, har vore både misvisande og mangelfull, ofte basert på misforståing og ”alternative fakta”. Eg undrar meg over at Kunnskapsdepartementet verken har kome med tydeleg informasjon eller kommentarar.
Nynorsk er verdfull kunnskap, ofte både meir presis, klangfull og dialektnær enn bokmål. Litteraturen er eit skattkammer. Etter norsk lov er bokmål og nynorsk jamstelte. Det er slått fast frå Stortinget i språkmeldinga Mål og Meining 2007-2008. g er til vanleg ingen fanatisk nynorskforsvarar og skriv like gjerne bokmål som nynorsk, tilpassa situasjon og målgruppe. Men i denne saka er det avgjerande at eventuelle vedtak blir gjort på rett grunnlag, basert på relevante faktaopplysningar.
Kulturredaktør i Fædrelands-
Evennen, Karen Kristine Blågestad, skriv i sin laurdagskommentar 28. januar: ”For alle dem som ikke ønsker seg teoritunge utdanningsveier er nynorsken et høyt fjell de må over.” Formuleringa tyder på at heller ikkje kulturredaktøren kjenner retningslinene for eksamen og vurdering/karakter i sidemålet.
1. Hovudregelen er at berre elevar på 3-årige studieførebuande program/linjer skal ha vurdering med karakter og eksamen i sidemålet. Desse programma gjev grunnlag for opptak til høgskular og universitet. Men det er retningsliner for fritak også her, jf. pkt. 3 nedanfor.
2. Elevane på yrkesfaglege opplæringsprogram/linjer skal ikkje ha skriftleg vurdering og eksamen i sidemål. Dette gjeld i all yrkesfagleg vidaregåande opplæring som førebur elevane til å bli lærlingar i bedrift. I Vest-agder vel 46 - 49 % av elevane yrkesfaglege linjer som sitt fyrste ynskje, eit lite varierande prosenttal frå år til år. Dersom desse elevane må ”over høge fjell”, er det ikkje på grunn av skriftleg nynorsk. Rett nok kan elevane søkje om eit 3. påbyggingsår for å få grunnlag for opptak til universitet/høgskular. Nokre av desse elevane vil då kunne trekkjast ut til eksamen i sidemålet, men det gjeld i praksis svært få.
3. I tillegg til forklaringa ovanfor, er det omfattande retningsliner i Forskrift til opplæringslova, kapittel 3, § 3- 22 om Fritak for vurdering med karakter i sidemålet. eglane gjeld for alle program, også dei studieførebuande. Rett til fritak har til dømes elevar med rett til særskilt språkopplæring på ungdomstrinnet i grunnskulen eller i vidaregåande opplæring, og elevar med opplæring på internasjonale og utanlandske skular etter læreplan i grunnleggjande norsk for språklege minoritetar. Elevar med individuell opplæringsplan/ spesialopplæring, får fritak etter ynskje frå eleven/ føresette. Vidare gjeld retningslinene for elevar i grunnopplæringa og for tidlegare elevar og privatistar i vida-
Rregåande dersom dei a) på grunn av skade, sjukdom eller dysfunksjon har problem med å greie begge målformene, b) ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk skule, c) fyller krava til fritak, men på grunn av feil ikkje fekk det. Reglane inneber også at minoritetsspråklege elevar som ikkje har hatt heile grunnopplæringa i Noreg, kan sleppe skriftleg vurdering og eksamen i sidemål.
Lesing på nynorsk er ikkje nok! Det vil svekkje forventningar og innsats. For å bli trygg på uttrykksmåte, stil og ordforråd, må ein lære å skrive språket. Det gjeld også i framandspråk. Kva ville bli resultatet dersom elevane ikkje lenger skulle lære å skrive engelsk?
Motivasjon er lærarane si viktigaste oppgåve og store utfordring. Kva skjer med elevar som jamleg får høyre frå norsklærarar og i media at nynorsk er ”håplaust vanskeleg”, ”meiningslaus bruk av tid”? Når ein lærar ved Vågsbygd Videregående Skole i heilsideinnlegg i F-vennen 25. januar fortel at han har streva med nynorskundervisninga i 20 år utan å lukkast, at berre seks av 90 elevar ”skriv nokonlunde rett nynorsk”, og at ei av dei største utfordringane er bøying av inkjekjønnsord i fleirtal ubunden form, då tenkjer eg at eg ville prøvd å finne noko anna å gjere. I møte med slike haldningar er eg overtydd om at elevane ser fram til kvar einaste nynorsktime med forventning og topp motivasjon! ed fritak for eksamen i nynorsk sidemål, vil elevar etter gjeldande regler ikkje vere kvalifiserte til stillingar i kommunar og fylke/regionar, eller i offentlege etatar med nynorsk som administrasjonsspråk. Dersom Høgre skulle vinne fram med forslaget sitt, svekkjer dei formell og reell språkkompetanse i vidaregåan-
Lesing på nynorsk er ikkje nok!
Mde opplæring, etter kvart også generelt i samfunnet, og lovkravet om språkleg jamstelling blir ikkje ivareteke.
Vi bør ta vare på sidemålsopplæringa med skriftleg eksamensvurdering og arbeide betre med å styrke språkkompetansen i norskfaget. Det er viktig å merke seg at det er liten skilnad mellom karakterane i hovudmål og sidemål. På nasjonalt nivå viser statistikk frå Utdanningsdirektoratet at snittkarakteren skuleåret 2015-16 var 3,4 for begge målformene. Til samanlikning var eksamenskarakteren i matematikk 2P 2,9.
Det er god grunn til å utfordre utdanningsministeren: Kor stor del av elevane i eit årskull på vidaregåande tek eigenleg eksamen i sidemål? Meiner Røe Isaksen verkeleg at det er uoverkomeleg for dei som tek sikte på universitetets- og høgskuleutdanning, å greie nynorsken med bra resultat? I staden for å fjerne karakteren i sidemål, vil det vere eit godt og nødvendig alternativ å sjå nærare på innhald, metodikk og motivasjon i nynorskopplæringa.