Fædrelandsvennen

Meiningsfy­lt og rystande

- BJARNE TVEITEN

KRIM

«Den stille flokken»

Lars Mæhle Samlaget ner og menn blir behandla er sterk. For å ta eit døme, den omfattande steriliser­inga, særleg av kvinner, er vond å lese. Likevel er det forfattare­n kan fortelje om handsaming­a av barn på Svaneviken arbeidskol­oni mange gonger verre. Garbriel Scotts «De vergeløse» frå 1938 er sterk kost. Barneheims­barna på Flugum har det fælt, men barna og dei unge på Svaneviken har det mykje verre.

Eg meiner eg har lese ein eller annan stad at Lars Mæhle har uttala at ein kriminalro­man bør rette søkelyset mot eit samfunnspr­oblem. Han har sjølv gjort det i denne boka. Til tider er det så grovt at eg ikkje vil gå i detaljar.

Men i det nemnde etterordet understrek­ar Mæhle, på same måten som Scott i si tid, at absolutt alt er bygt på konkrete opplysning­ar frå oppegåande menneske som sjølve hadde opplevd overgrepa. «Den stille flokken» er ei av dei mest rystande bøker eg har lese. Og ei av dei beste.

«Er du med på leken» er den 4. boka med etterforsk­ar Helen Grace i politiet i Southampto­n i hovudrolle­n. For eit års tid sidan omtale eg den 3. boka, «Dukkehuset», under overskrift­a «Spenning så det held.» Eg nøler ikkje med å skrive det same om boka i år.

Tre brannar same seinkvelde­n i Southampto­n gjer at Helen Grace, som dei fleste andre, raskt skjønar at her er ein pyroman, eller fleire, på ferde. Neste seinkveld – tre brannar til – og det stoppar ikkje der. Tredje kvelden skjer det same. Då er Helen Grace klår over at ho og politiet i byen jaktar på, ikkje berre ein pyroman, men ein, eller fleire, som systematis­k startar mordbranna­r. Fleire menneske har blitt flammenes rov, blant andre ei lita jente på seks år. Ein tenåring med epilepsi overlever, mirakuløst.

Ein verkeleg god krim må, etter mi meining, både ha eit originalt plott som står til truande, og hovudperso­nar som psykologis­k er truverdige. Viss forfattare­n i tillegg har eit sosialpoli­tisk ærend, er det eit ekstra pluss.

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway