Fædrelandsvennen

Pyromani – med en vri

- BJARNE TVEITEN

KRIM

«Er du med på leken»

M. J. Arlidge Vigmostad & Bjørke

Utan å røpe for mykje, sjølv om ein pyroman tvillaust er på ferde – fullt så enkelt er det ikkje i boka til Arlidge. Det blir – etter kvart – ganske mange personar å halde greie på i romanen, fleire enn naudsynt, meiner eg.

Men politiette­rforskaren Helen Grace er fascineran­de. Ho har sine, varsamt sagt, spesielle sider, inkludert destruktiv­e demonar. Ein av dei gjev henne avslørande blåmerke over det meste av kroppen – på eit svært lite passande tidspunkt. Overskrift­a, «Er du med på leken» – utan spørjeteik­n – er ein svært råkande tittel. Med spørjeteik­n etter, ville tittelen ha vore på grensa til ein råskap eg ikkje kunne akseptere.

Orda er ikkje tilfeldig valde. Tvert imot, dei er vegne på gullvekt. «Er du med på leken.» er ein kriminalro­man som ikkje berre underheld, men som også utfordrar. I bakgrunnen meir enn anar vi, eit samfunnsen­gasjert menneske som ikkje er spesielt begeistra for britisk politikk i dag. For å seie det forsiktig.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway